Grimseth deltok i 2009 i NRK-serien Mesternes Mester, der den tidlegare vektløftaren tok andreplassen bak syklisten Dag Otto Lauritzen.
I april 2016 var han leiar for EM i vektløfting, då arrangementet vart avvikla i Førde og Naustdal. Grimseth er og leiar for den kommande verdsmeisterskapen i vektløfting i Førde i 2025.
Grimseth var trenar for den norske vektløftaren Solfrid Koanda, då ho vart olympisk meister i Paris i 2024.
Under VM i Bahrain i 2024 vart han tildelt det internasjonale vektløftarforbundet sin IWF Gold Collar Lifetime Award av president Mohammed Jalood og generalsekretær Antonio Ursu. Grimseth fekk prisen for hans lange og viktige bidrag til vektløftingsidretten, både som aktiv utøvar og gjennom arbeidet med å fremje idretten i Noreg og internasjonalt.
Stian Grimseth er nominert til prisen for årets trenar under Idrettsgallaen 2025.
Frå mars 2019 har Stian Grimseth vore president i Noregs Vektløftarforbund. I april 2025 vart han og valt til visepresident i styret i det europeiske vektløftarforbundet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.