Sten er eit mannsnamn. Det er ein variant av Stein som kjem av norrønt Steinn. Namnet tyder ‘stein’.

Namnet har fleire variantar: Steen, Stein, Sten.

Kjende personar med namnet Sten

Eit utval personar med namnet Sten, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 667 menn i Noreg som hadde Sten som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Stein var på topp 1955–1959 og Sten noko seinare, 1970–1974. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Svein/Svenn og Ulf. Sidan år 1900 har Stein vore brukt 5,5 gongar meir enn Sten.

Utvikling i bruk av namnet Sten frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sten frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sten på 1800-talet.

Sten var mest brukt i Hordaland. Dette var vel å merke skriftforma i Hordaland på 1800-talet, men folk uttalte namnet med diftong: Stein.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sten på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sten var mest brukt i Hordaland. Dette var vel å merke skriftforma i Hordaland på 1800-talet, men folk uttalte namnet med diftong: Stein.

Historisk bruk av namnet Sten
Historisk bruk av namnet Sten
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg