Sogn og Fjordane Energi AS, ofte forkorta SFE, er eit energikonsern stifta 1. januar 2003 etter ein fusjon mellom selskapa SFE, Ytre Fjordane Kraftlag, Gloppen Elektrisitetsverk, Firdakraft og Eid Energi.
SFE driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi. SFE Kraft sel elektrisk kraft til sluttbrukarar, både privathushald og næringskundar i heile landet. SFE Nett har konsesjon på drift og vedlikehald av kraftnett i kommunar på kysten av Nordfjord og Sunnfjord. SFE Produksjon står for teknisk drift og vedlikehald av konsernet sine 13 kraftstasjonar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei har dessutan fleire deleigde og leide stasjonar, og har med dette ansvar for i alt 22 vasskraftverk. Total produksjon i kraftstasjonane er omkring 2000 GWh.
SFE-konsernet er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane og har sitt hovudkontor i Sandane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.