Sogn

Naturen i Midtre og Indre Sogn er prega av høge, bratte fjell og frodig vegetasjon med fruktdyrking langs fjordsidene. Biletet er frå Balestrand. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sogn er eit område i Vestland fylke som omfattar kommunane rundt Sognefjorden og øyane utanfor. Sogn strekker seg frå havet i vest til Jotunheimen i aust. Tidlegare Sogn og Fjordane fylke bestod av dei tre delane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Faktaboks

Etymologi
norrønt Sogn, av verbet súga, ‘suge’, sikter til strøm i fjorden

Sogn omfattar ti kommuner med eit areal på i alt 10 675 kvadratkilometer og 32 000 innbyggarar (2020). Administrativt vert namnet Sogn i dag brukt om Sogn prosti.

Indre Sogn ligg i indre del av Sognefjorden og omfattar kommunane Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Indre Sogn har eit samla areal på 7419 kvadratkilometer og 22 294 innbyggarar (2019).

Ytre Sogn omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger og Vik. Arealet er i alt 3256 kvadratkilometer med 15 133 innbyggarar (2019).

Sogn har hatt synkande folketal sidan 1960 og synkande andel av folketalet i fylket heilt sidan 1945. I 2015 hadde Sogn 34 prosent av befolkninga i fylket og 57 prosent av arealet i fylket. Største tettstadar er Sogndalsfjøra og Øvre Årdal med høvesvis 4117 og 3092 innbyggarar (2020).

Natur

Landskapet i Sogn er berglendt. Berre 1,4 prosent er dyrka jord og 11,8 prosent er produktiv skog.

Frå Sognefjorden går tronge fjordarmar til begge sider, og frå botnen av fjordarmane fører djupe, trange og til dels bratte dalar inn mellom fjella som består av harde, mest gabbroide bergartar. Inst i Sognefjorden renn fleire store og bratte vassdrag ut: Flåmselva, Aurlandsvassdraget, Lærdalselva, Årdalselva og Fortun.

I ytre strok når fjella på øyane nokon få stadar over 500 meter over havet. Ytst på fastlandet ligg fjella 700–800 meter over havet. Dei ytre stroka er nærast utan skog. I indre strok når Store Skagastølstind i Hurrungane 2405 meter over havet. Dei indre stroka har frodig vegetasjon langs fjordsidene og i dei lågareliggande dalane.

Næringsliv

Jordbruket i Sogn er basert på husdyrhald og frukt- og bærdyrking. Etter vestlandsforhold har skogbruk betydning i midtre Sogn, særleg i Sogndal og Lærdal. I ytre strok vert det drive ein del fiske, men fangsten vert i vesentlig grad ført i land utanfor distriktet. Det vert òg drive mykje fiskeoppdrett.

Turisme, spesielt frå cruise i Sognefjorden, har tatt seg opp dei siste åra.

Sogn har betydeleg vasskraft, det meste i Aurland og Luster, men òg stor produksjon i Årdal, Lærdal, Høyanger og Vik. Vassdragsutbygginga har skapt grunnlag for betydeleg aluminiumsindustri i Årdal, Høyanger og Vik. Av industri for utanom dette er særleg næringsmiddelindustri i Sogndal stor. Her ligg Lerum Konserves, med blant anna landets største fabrikk for saft og syltetøy. Det er noko verkstadindustri, særleg i Ytre Sogn.

Samferdsel

Sogn har fleire vegsamband til Austlandet. Riksveg 55 går over Sognefjellet til Lom, riksveg 53 over Tyin, E16 over Filefjell til Valdres, riksveg 52 over Hemsedal og Gol og riksveg 50 Aurland–Hol til Hallingdal. Det går også fleire riksvegsamband sørover til Hordaland og nordover til Sunnfjord. Viktigast er E39 som kryssar Sognefjorden på strekninga Oppedal–Lavik, riksveg 13 med ferjesamband Vangsnes–Hella/Dragsvik og riksveg 5 med ferjesamband Fodnes–Mannheller.

I Aurland skjer Bergensbanen så vidt innom Sogn ved sidelinja frå Myrdal til Flåm ved botnen av Aurlandsfjorden. Flyplassen Sogndal lufthamn Haukåsen ligg sørvest for Kaupanger.

Kraftproduksjon og elektrisitetsforsyning

Ny kraftlinje Aurland–Sogndal over Sognefjorden på 420 kilovolt (kV) skal stå ferdig i 2024/2025. Den nye kraftlinja skal både sikre transport av ny kraftproduksjon som er planlagd i Sogn og Fjordane og dekkje elektrisitetsforsyninga i Indre Sogn.

Offentlege institusjonar

Administrativt hovudsenter i Sogn er Hermansverk med fylkesadministrasjonen, fylkesarbeidskontor med meir. Viktigaste skule- og handelssenter er Sogndal, med blant anna Høgskulen i Sogn og Fjordane og forskingsinstitusjonen Vestlandsforsking. Det er sjukehus i Lærdal.

Namn

Namnet kjem av norrønt Sogn, av verbet súga, 'suge', som siktar til straum i fjorden. Eigentleg var dette namn på Sognefjorden, men det blei seinare overført på landskapet.

Kart

Sogn
Sogn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg