Faktaboks

Siri Rom
Fødd
17. mars 1918, Kristiania (Oslo)
Død
13. november 2002, Oslo

Siri Rom var ein norsk skodespelar. Som teaterskodespelar i femti år gjorde ho eit hundretals roller i ulike sjangrar. Ho spela også i filmar.

Bakgrunn

Siri Rom var fødd i Kristiania. Etter mellomskulen gjekk ho i teaterlære ved Søilen Teater i Oslo og debuterte der i 1939. Etter tre år ved Trøndelag Teater (1940–43) var ho ved Det Nye Teater i Oslo i 1944–1945. Frå 1946 til 1988 var ho tilsett ved Det Norske Teatret.

Siri Rom var gift med Ingolf Rogde.

Karriere

Gjennombrotet som skodespelar hadde ho i 1951 som Gunvor i Trost i taklampa av Alf Prøysen. Stykket vart sett opp att i 1957, med Rom i den same rolla. Oppsetjingane vart ein publikumssuksess, med i alt 252 framsyningar. Ho spela òg i andre norske klassikarar, mellom anna Ungen og Bør Børson jr . I 1980 var ho Marte i det historiske stykket Anne Pedersdotter.

Rom var ofte å finne i dramatiske roller. Ved Det Norske Teatret spela ho i 1954 ei av systrene i Anton Tsjekhovs Tre systrer, året etter prostituert i Mor Courage, av Bertolt Brecht. I 1960 hadde ho hovudrolla i Kom tilbake, vesle Sheba, av William Inge, i 1961 var ho ei av kvinnene i Mannen som kom, eit thrillerdrama av Ugo Betti. I fire teateroppsetjingar hadde Rom sjølv regiansvaret.

Utanom teaterverksemda var Rom ein mykje nytta filmskodespelar, som oftast i mindre roller. Den første filmen ho spela i, var Rikard Nordraak, frå 1945, den siste Secondløytnanten, frå 1993. På sine eldre dagar var ho nokre år kulturarbeidar i Valdres, mellom anna som opplesar av lokale lyrikarar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963