Schibsted har sidan 1839 vore eit leiande norsk mediekonsern med hovudkontor i Oslo. Konsernet vart sommaren 2024 omorganisert og splitta opp i to uavhengige selskap, Schibsted Media og Schibsted Marketplaces som i 2025 vil endra namn til Vend.
Schibsted
Faktaboks
- Offisielt namn
- SCHIBSTED ASA
- Organisasjonstype
- Allmennaksjeselskap
- Forretningsadresse
- Oslo
- Dagleg leiar
- Christian Halvorsen
- Styreleiar
- Karl Christian Agerup



Rolv Erik Ryssdal var frå 2019 til 2022 administrerande direktør i rubrikkannonseselskapet Adevinta. Ryssdal var administrerande direktør i Schibsted frå 2009 til 2018.
Avisselskapet
Styret i Schibsted og styret i Stiftinga Tinius vart i desember 2023 samde om at stiftinga overtok nyheitsdivisjonen (som fekk namnet Schibsted Media) for 6,2 milliardar kroner. Resten av konsernet (Schibsted Marketplaces), som i hovudsak femnar om forretningsverksemd på ulike plattformer, er organisert som børsnotert selskap. Stiftinga Tinius eig 26,3 prosent.
Schibsted Media er hundre prosent norsk eigd og er ikkje børsnotert. I grunngjevinga for omorganiseringa går det fram at styret i Schibsted og Tinius på denne måten ville sikra norsk eigarskap og redaksjonelt sjølvstende.
Schibsted Media eig mellom anna fire av Noregs ti største aviser: Verdens Gang (VG), Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Selskapet er dessutan største eigar av Adresseavisen og Fædrelandsvennen gjennom eigarskapen sin i Polaris Media. I tillegg eig det fleire mindre lokalaviser. Schibsted Media er og betydeleg eigar i nyheitsbyråa Norsk Telegrambyrå (NTB) og Tidningarnas Nyhetsbyrån (TT). I Sverige eig selskapet dessutan Svenska Dagbladet og Aftonbladet (saman med svensk LO). Schibsted Media satsa i 2025 for fullt på TV-mediet, då selskapet kjøpte svenske TV4 og finske MTV av Telia Company for 6,55 milliardar svenske kroner.
Schibsted kjøpte i 2019 ein stor del av aksjane i strømmeteneste- og podkastselskapet Podme som har verksemd både i Norge, Sverige og Finland. Frå 2025 er Podme eit heileigd dotterselskap innan Schibsted Media.
Selskap for annonsesal
Annonseformidling på nett er hovudsatsingsområdet for Schibsted Marketplaces (Vend). I Norden driv selskapet portalane Finn.no, Blocket.se, DBA.dk, Bilbasen.dk, Tori.fi og Oikotie.fi. Rubrikkannonsar på nett vart meir og meir viktig etter århundreskiftet, særleg med etableringa av Finn.no i 1999.
Investeringsselskapet Schibsted vekst høyrer inn under Schibsted Marketplaces og driv finansiell rådgjeving på nett. Det famnar om fleire underselskap som mellom anna Prisjakt.no (teneste for prissamanlikning). Lendo er eit anna heileigd Schibsted-selskap som til dømes gir råd om lån og lånevilkår.
Leiarskap
Siv Juvik Tveitnes er konsernsjef i Schibsted Media, og Christian Pritzell Halvorsen konsernsjef i Schibsted Marketplaces.
Historikk

Christian Schibsted vart i 1839 kompanjong med boktrykkjaren Johan Jørgen Krohn. Året blir rekna som stiftingsåret for Chr. Schibsteds Forlag, som fekk namnet sitt i 1843, då Schibsted kjøpte ut Krohn. Schibsted gav frå 1860 ut avisa Aftenposten, som passerte Morgenbladet og vart Noregs største avis i 1901. På eigarsida var selskapet heilt frå byrjinga av 1900-talet dominert av familiane Nagell-Erichsen, Huitfeldt og Riddervold.
Aftenpostens eigarar overtok i 1966 Verdens Gang, som vart Noregs største avis i 1981. I og med eigarskapen av to aviser vart Schibsted-gruppa etablert midt i 1970-åra, og i 1989 vart konsernet omdanna frå familieselskap til aksjeselskap og børsnotert i 1992 (Schibsted ASA). Samtidig ekspanderte verksemda utover landegrensene med kjøp av mellom anna store andelar i svenske storaviser. Ein stor andel i den svenske TV-kanalen TV 4 vart kjøpt i 2004.
Media Norge
Gjennom selskapet Media Norge ASA (2009-2012) kontrollerte Schibsted ei tid opptil 84 prosent av aksjane. Media Norge omfatta Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen i tillegg til Finn.no. I 2012 vart Media Norge eit heileigd Schibsted-selskap og døypt om til Schibsted Norge, der også VG vart innlemma saman med Schibsted Forlag og Media Norge Trykk. Nettavisa Næringsliv24, mest kjent som E24 (frå 2006), er eit samarbeid mellom Aftenposten og VG.
Film og fjernsyn
Internasjonal satsing
Hovudverksemda var lenge i Norge og Sverige, men Schibsted har hatt verksemd i til saman 23 land i Aust-Europa, Vest-Europa, Latin-Amerika, Afrika og Asia. I Estland eigde Schibsted fram til 2013 mesteparten av det største medieselskapet i landet (Eesti Meedia Group) med verksemd innan aviser (mellom anna Postimees, Estlands største), vekeblad og tidsskrift, radio og internett. Schibsted eigde også det største trykkeriet i landet (Kroonpress). I Spania og Frankrike gav Schibsted i åra 1999-2016 ut gratisavisa 20 Minutes i over tjue større byar.
For å satsa sterkare på rubrikkannonsering internasjonalt vart Adevinta oppretta i 2019, med tidlegare konsernsjef Rolv Erik Ryssdal som administrerande direktør. Som dominerande eigar i Adevinta fekk selskapet hand om marknadsplassar i 16 land i Europa, Latin-Amerika og Nord-Afrika, medan morselskapet Schibsted satsa meir nordisk. I 2020 kjøpte Adevinta rubrikkverksemda til det amerikanske eBay Classified Group, og med det vart Adevinta det største rubrikkannonseselskapet i verda på nett. I 2023 selde Schibsted mesteparten av aksjane i Adevinta.
Forlag
Schibsted var eigar av Schibsted Forlag AS til 2015, då forlaget saman med Ebok.no blei selt til Forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen.
Søkjemotor
I 2005 lanserte Schibsted søkjemotoren Sesam, som blei avvikla i 2009.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.