Søndfjords Avis var ei avis for Sunnfjord som vart gjeve ut frå 1898 til 1909. Avisa vart skipa i 1898 som organ for Venstre. Avisa vart rekna som radikal, og gjekk mellom anna inn for at Noreg skulle verte republikk.
Desse synsmåtane var tydeleg lite populære, for lesarkrinsen minka og avisa gjekk inn i 1909. Same året flytta ei anna venstreavis, Nordre Bergenhus Folkeblad, frå Askvoll til Florø (sjå Firda Folkeblad).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.