Runar, som kan reknast som eit nylaga mannsnamn (1910), er samansett av Run-, frå til dømes Rune, og den vanlege endinga -ar i mannsnamn.

Namnedag er 2. juni. Runa og Rune har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Runar

Eit utval personar med namnet Runar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 354 menn i Noreg som hadde Runar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Runar høyrer til ei lita gruppe nordiske mannsnamn som har fått toppfasen sin rundt år 2000. Dette gjeld også Ask, Gard, Storm, Trym, Brage, Brede, Sigve, Vetle og Odin. Her finst det altså ingen av dei samansette nordiske namna som var så populære på 1900-talet, til dømes Dagfinn og Oddbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Runar frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Runar frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg