Faktaboks

Innbyggjartal
831 (SSB, 2023)
Landareal
1,2 km²
Tettstadsnummer
5072 Rosendal

Rosendal er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 831 innbyggjarar (2023).

Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune og ligg ved Kvinnheradsfjorden (del av Hardangerfjorden), på vestsida av Folgefonnhalvøya.

Det er stor turisttrafikk på staden, og her vert det arrangert fleire årlege festivalar innan ulike kulturområde. Rosendal har eit skipsbyggingsmuseum som gir eit bilete av skipsbyggingstradisjonane på staden, og her ligg Folgefonna nasjonalparksenter. I tettstaden ligg dessutan Kvinnherad Museum. I området rundt tettstaden ligg viktige jordbruksområde.

Rosendal er kjend for Baroniet Rosendal. Kvinnherad kyrkje frå om lag 1250 er i gotisk/romansk stil og ligg i Rosendal. Skuta «Gjøa», som Roald Amundsen brukte då han seilte gjennom Nordvestpassasjen i åra 1903–1906, vart bygd i Rosendal.

Rosendal har ekspressbåtsamband med Bergen, og i tettstaden kjem lokalavisa Grenda ut.

Kart

Rosendal
Rosendal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg