Rolv kjem av det norrøne mannsnamnet (H)rólfr som er ei samantrekt form av *Hró(ð)-olfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet har fleire variantar: Rolf, Rolv.

Kjende personar med namnet Rolv

Eit utval personar med namnet Rolv, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 463 menn i Noreg som hadde Rolv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Rolf var på topp i 1920-åra, mens Rolv hadde ein litt lengre toppfase (1920–1939). Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde, som Rolv, toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf. Sidan år 1900 har Rolf vore brukt 26 gongar meir enn Rolv.

Utvikling i bruk av namnet Rolv frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Rolv frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rolv på 1800-talet.

Rolv var mest brukt i Kristiania, Aust-Agder og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rolv på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rolv var mest brukt i Kristiania, Aust-Agder og Nordland.

Historisk bruk av namnet Rolv
Historisk bruk av namnet Rolv
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg