Faktaboks

Administrasjonssenter
Rollag
Fylke
Buskerud
Innbyggjartal
1 395 (2024)
Landareal
430 km²
Høgaste fjell
Storegrønut (1289 moh.)
Innbyggjarnamn
rølling
Målform
nøytral
Kommunenummer
3336 (frå 2024, tidl. 3051 og 0632)

Kommunevåpen

Kart: Rollag kommune i Buskerud
Rollag kommune i Buskerud fylke.
Kart: Rollag kommune i Buskerud
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Rollag stavkyrkje

Rollag er ein kommune i Buskerud fylke, og omfattar den sentrale delen av Numedal, frå Fossan i sør til Vergja bru i nord, og dessutan skog- og fjelltraktene på begge sider.

Rollag vart oppretta som kommune ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Då omfatta kommunen, i tillegg til dagens kommune, også Nore og Uvdal og Dagali. Dei noverande grensene sine fekk Rollag i 1858, då Nore og Uvdal (inkludert Dagali) vart skilt ut frå kommunen.

Rollag grensar i vest til Tinn i Telemark fylke, i nord til Nore og Uvdal, i aust til Sigdal og i sør til Flesberg.

Natur

Numedalslågen ved Veggli

Berggrunnen høyrer til grunnfjellet og består av granitt i dei sentrale delane av kommunen og elles mest kvartsitt. Kvartsitten dominerer grunnen i dei høgaste partia i kommunen, i grenseområda mot Telemark med Storegrønut (1289 meter over havet) i nordvest på grensa til Nore og Uvdal og Åklinuten (1246 meter over havet) på grensa til Tinn i Blefjellområdet i sørvest. Aust for Numedal er fjella lågare; høgast er Vardefjell på grensa til Sigdal med 956 meter over havet. Nesten 2/3 av arealet i kommunen ligg høgare enn 600 meter over havet.

Gjennom Numedal og Rollag renn Numedalslågen (ofte kalla berre Lågen), som startar på Hardangervidda og endar i havet ved Larvik.

Dalsidene i Numedal er for det meste bratte og skogkledde, og åslandet på begge sider av hovuddalføret er svært kupert. Lausmassane i dalbotnen består hovudsakleg av botnmorene. I grenseområdet mot Sigdal og Nore og Uvdal kommunar vart det i 2008 oppretta eit i alt cirka 147 kvadratkilometer stort område som naturreservat, Trillemarka-Rollagsfjell, som er Noregs største skogreservat.

Klima

Den kaldaste månaden er januar med normal på −4,1 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 15,9 °C. Mest nedbør er det i juli og august med normal på 95,0 millimeter, og minst er det i februar med normal på 31,0 millimeter. Målingane er gjorde ved Veggli målestasjon.

Busetjing

Busetjinga ligg for det meste i hovuddalføret.

Folketalet i Rollag gjekk stort sett tilbake frå slutten av andre verdskrigen og fram til midten av 1970-åra. Deretter auka det noko fram til midten av 1980-talet, og sidan har det lege nokså stabilt eller har hatt svak nedgang. I tiårsperioden 2007—2017 låg folketalet i kommunen stabilt rundt 1400 innbyggarar. Til samanlikning hadde dei tre numedalskommunane i denne perioden ein samla vekst i folketalet på gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg, mot 1,2 prosent i Buskerud fylke.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Veggli med 353 innbyggjarar (2023). 25 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,7 km².

Kart over Rollag kommune
Kart over Rollag kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er landbruk og industri hovudnæringsvegane i Rollag. Det finst mange mindre bedrifter i kommunen, både innan bygg og anlegg, transport og varehandel.

Dei fleste gardane ligg på morenejord i hovuddalføret 200–300 meter over havet. Jordbruket er basert på husdyrhald (særleg storfe og sau), men det blir også dyrka ein heil del korn; i 2012 vart 22 prosent av jordbruksarealet nytta til korndyrking. Skogavverkinga i 2020 utgjorde 26 800 kubikkmeter tømmer, noko som er litt mindre enn i dei to andre numedalskommunane.

Rollag er kommunen med niande størst vasskraftproduksjon i Buskerud, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei seks vasskraftverka i kommunen produserer til saman 369 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Mykstufoss (i drift fra 1964), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Djupdal (1976) og Nørståe (2006). Å Energi Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Av dei yrkesaktive som er busette i Rollag, har 33 prosent arbeid utanfor kommunen. I alt 13 prosent arbeider i dei to andre kommunane i Numedal, ti prosent i Kongsberg, tre prosent i Drammensområdet og to prosent i Oslo.

Samferdsle

Fylkesveg 40 (KongsbergGeilo) går gjennom kommunen langs Lågen. Frå Veggli kyrkje går det sommarveg over Vegglifjell til Tinn i Telemark, og frå dei søre delane av bygda over til Sigdal.

Numedalsbanen som gjekk mellom Kongsberg og Rødberg (nedlagd i 1989). No har banen berre noko turisttrafikk i privat regi, godstrafikk til Flesberg og ovanfor Veggli berre dresinkøyring.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Numedal folkehøgskule ligg i Rollag, på vestsida av Lågen.

Rollag høyrer til Sør-Aust politidistrikt, Buskerud tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Rollag kommune svarer til dei to sokna Rollag og Veggli i Kongsberg prosti (Tunsberg bispedømme) i Den norske kyrkja.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Hjartdal, Kongsberg, Nore og Uvdal, Notodden, Sigdal og Tinn.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Rollag til Numedal og Sandsvær fogderi (futedømme) i Buskerud amt.

Delområde og grunnkrinsar i Rollag

For statistiske føremål er Rollag kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 13 grunnkrinsar: Østre Langerud, Vestre Langerud, Søndre Landsverk, Nordre Landsverk, Li, Tråen, Prestmoen, Vamre, Søndre Veggli, Nordre Veggli, Østre Veggli, Bogstranda og Kallerud.

Historikk og kultur

Det eldste huset i Rollag er Alstadloftet frå mellomalderen.
Det eldste huset i Rollag er Alstadloftet frå mellomalderen.
Stabbur på Rollag bygdetun.

Rollag prestegard ligg på austsida av Lågen og skal vera den eldste bevarte prestegarden i landet. Prestegarden har mellom anna våningshus frå 1600-talet. Nær prestegarden ligg Rollag bygdetun med 20 bygningar, fleire frå 1600-talet, og Rollag kyrkje, ei stavkyrkje bygd i 1150–1200. Kyrkja vart ombygd og utvida i 1660, og den opphavlege stavkyrkja utgjer kjernen i dagens kyrkje. «Austsidevegen» (fylkesveg 2792) gjennom Rollag er ein veg der ein kan studere gamal byggjekunst. Det eldste huset i Rollag er Alstadloftet frå mellomalderen. Runeinnskrifta i loftet er kanskje frå slutten av 1100-talet.

Søre Tråen på vestsida av Lågen består av fire freda bygningar der mellom anna «Gammelstuggu» frå 1693 blir leigd ut til turistar. I fjellet er det stor hyttebusetnad med livleg ferietrafikk både sommar og vinter.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1993) har to spissar i gull som møtest i den øvre randen av skjoldet, mot ein raud bakgrunn. Dette viser stilisert ein varde.

Namnet er ikkje sikkert forklart, men kan koma av eit bortkome elvenamn Rolla, og lag, ‘fiskeplass’. Rollag kan då ha vore ein fiskeplass i Lågen der Troelva renn ut.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hoff, Knut og Tråen, Even: Rollag bygdebok: ætt og gard og grend, 1988–1997, fem bind, isbn 82-991787-0-3
  • Stærnes, Nils G.: Rollag og Veggli herreds historie 1814–1914, 1914

Kommentarar (5)

skreiv Nils Gundersen

Heisann! Dere har to bilder av hus fra Rollag bygdetun, og det ene har billedtekst som sier at det viser Alstadloftet (som ikke ligger her).
Vennlig hilsen
Nils Gundersen

svarte Per Roger Lauritzen

Hei. Takk for innspillet. Da har vi rettet dette og leter etter et bilde av Alstadloftet som vi kan sette inn isteden. Mvh Per Roger Lauritzen

svarte Per Roger Lauritzen

Hei. Takk for innspillet. Da har vi rettet dette og leter etter et bilde av Alstadloftet som vi kan sette inn isteden. Mvh Per Roger Lauritzen

svarte Nils Gundersen

Det var jo imponerende kjapt levert, Per Roger! Hilsen din gamle forlagskontakt, Nils

svarte Per Roger Lauritzen

Hei igjen.
Det er deg ja, var ikke helt sikker. Takk selv, godt med våkne lesere.
Per Roger

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg