Faktaboks

Også kjend som

FNs konferanse om miljø og utvikling

Engelsk: UNCED – United Nations Conference on Environment and Development

Uttale
– kˈånfərens ån invˈaiənmənt ænd divˈeləpmənt
Rio-konferansen 1992
Fra åpningsarrangementet under Rio-konferansen i 1992. FNs generalsekretær Boutros Boutros-Ghali i midten.
Rio-konferansen 1992
Av /AP.

Rio-konferansen var ein internasjonal konferanse arrangert av FN – Dei sameinte nasjonane i 1992. Konferansen resulterte mellom anna i dokumenta Agenda 21 og FNs klimakonvensjon.

Bakgrunn og føremål

Rio-konferansen blei arrangert i Rio de Janeiro i Brasil 3.–14. juni 1992. 172 statar var representerte, 108 av dei på regjeringsnivå. Bakgrunnen for konferansen var at verdssamfunnet tidleg i 1980-åra innsåg at forureining, utarming av naturressursar og faren for klimaendringar var eit aukande problem globalt.

I 1983 skipa FN Verdskommisjonen for miljø og utvikling, også kalla Brundtland-kommisjonen, under leiing av Gro Harlem Brundtland. Kommisjonen skulle foreslå ein langsiktig strategi for å oppnå ei berekraftig utvikling globalt. Kommisjonen la fram rapporten «Vår felles framtid» i 1987. I kjølvatnet av rapporten vedtok Hovudforsamlinga i FN å arrangere ein verdskonferanse om miljøspørsmål.

Temaet for Rio-konferansen var korleis ein kunne sikre økonomisk og sosial utvikling for alle, utan å øydeleggje miljøet. Dette skulle skje i form av eit partnarskap mellom industrialiserte land og utviklingsland, slik at ein tok omsyn til alle landa sine interesser.

Resultat

Konferansen resulterte i fleire dokument, mellom anna dei tre juridisk bindande Rio-konvensjonane Klimakonvensjonen, Konvensjonen om biologisk mangfald og ørkenspreiingskonvensjonen. Det mest omfattande dokumentet som blei vedteke på konferansen var Agenda 21. Dette er ein ikkje-bindande global arbeidsplan for regjeringar, organisasjonar og FN sjølv.

Planen skulle sikre ei berekraftig utvikling på alle område, inkludert kampen mot fattigdom, ivaretaking av miljøet og styrkt deltaking for viktige grupper som kvinner, barn og urbefolkning. Konferansen vedtok òg Rio-erklæringa om miljø og utvikling, ei liste over 27 prinsipp som skal liggje til grunn for statane sitt arbeid med berekraftig utvikling. Til saman la dokumenta frå Rio-konferansen føringar for FN sitt arbeid i tida etterpå.

Seinare er det arrangert oppfølgingskonferansar, mellom anna Rio+10 i Johannesburg i 2002 og Rio+20 i Rio i 2012, der statane har halde fram arbeidet med å nå måla frå 1992 om berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • FN-resolusjon nr. 44/228 (1989–90): FN-konferansen om miljø og utvikling

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg