Faktaboks

Ragni Hestad
Fødd
5. september 1968, Bergen

Ragni Hestad, norsk tidlegare volleyballspelar. Ho har fleire EM-medaljar i sandvolleyball og var OL-deltakar i 1996.

Karriere

Ragni Hestad var ein etablert spelar på landslaget i innandørsvolleyball, då ho på ei samling i Stavanger vart med Merita Berntsen Mol på stranda for å spele sandvolleyball. Seinare bestemte dei seg for å satse på sandvolleyball saman, og utgjorde snart dei første norske kvinnene som hevda seg på høgt nivå i den nye idretten. I 1994 vann dei NM på første forsøk. I EM same året kom dei til kvartfinalen og bestemte seg for å satse mot OL i 2000.

Duoen tok sølv i EM i 1995 og bronse i EM i 1996. Då sandvolleyball i 1996 stod på OL-programmet for første gong, var duoen allereie kvalifisert. Under OL i Atlanta vart dei nummer ni. Ragni Hestad la opp som toppspelar seinare samme året.

Hestad spelte 51 kampar for det norske landslaget innandørs.

Merittar

  • OL-deltakar i 1996 (niandeplass).
  • EM-sølv 1995, EM-bronse 1996.
  • Sjuandeplass i World Tour.
  • To NM-gull.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg