Ragnar Rommetveit var ein norsk psykolog og professor i psykologi ved Universitetet i Oslo i 35 år. I psykolingvistiske fagmiljø markerte han seg internasjonalt.
Ragnar Rommetveit
Faktaboks
- Fødd
- 11. juli 1924, Stord, Vestland
- Død
- 11. juni 2017, Bærum
- Verke
- Psykolog
- Familie
-
Foreldre: Gardbrukar og heradssekretær Rasmus Rommetveit (1886–1960) og Åsa Lønning (1890–1974).
Gift med pedagogisk konsulent Sigrid Larssen (20.6.1923–5.4.1999), dotter til sjøkaptein Tønnes Larssen (1881–1945) og Ingrid Wigstøl (1887–1982).
Bakgrunn
Ragnar Rommetveit var fødd på Stord i Sunnhordland. Han tok lærarskuleeksamen på Stord i 1947 og magistergraden i psykologi i 1950 ved Universitetet i Oslo. I 1953 vart han dr.philos., med avhandlinga Social Norms and Roles. Frå 1951 var han universitetsstipendiat, frå 1954 dosent og frå 1959 og fram til pensjonsalderen i 1994 professor i psykologi ved Universitetet i Oslo. Han var også gjesteprofessor ved amerikanske og europeiske universitet.
Psykolingvistikk
Internasjonale forskingsmiljø
Rommetveit var ei drivkraft i det tverrfaglege psykolingvistiske forskingsmiljøet både i Noreg og internasjonalt. I 1960-åra engasjerte han seg i European Association of Experimental Social Psychology. Han hadde eit æresprofessorat (Andrew D. White professor-at-Large) ved Cornell University frå 1977 til 1983.
Publikasjonar og formidling
Rommetveit publiserte fleire bøker, mellom dei Ego i moderne psykologi (1958), Words, Meanings and Messages (1968), Språk, tanke og kommunikasjon (1972) og Språk, individuell psyke og kulturelt kollektiv (2008). Saman med Rolv Mikkel Blakar har han redigert Language, Thought and Verbal Communication (1979). Han skreiv òg artiklar og var redaksjonsmedlem i internasjonale fagtidsskrift, men sikta ofte utover eit reint fagleg miljø.
I Syn og Segn skreiv han alt i 1967 artikkelen «Psykolingvistikk. Ny vitskap i eit grenseland», der han introduserte det nye forskingsfeltet, som var sprunge ut frå Harvard-universitetet i USA.
Fagspråk
Sjølv om Rommetveit publiserte delar av den vitskaplege produksjonen på engelsk, var han mellom dei første til å styrkje nynorsken si stilling som fagspråk innanfor psykologien.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Digitaliserte publikasjonar av Ragnar Rommetveit hos Nasjonalbiblioteket
- Ragnar Rommetveit: «Individ, sosial innstilling og ideologi», Syn og Segn 1960, digitalt tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket
- Ragnar Rommetveit: «Psykolingvistikk. Ny vitskap i eit grenseland», Syn og Segn 1967, digitalt tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket
- Ragnar Rommetveit: «Refleksjonar over sosiolingvistisk teori og eit felles-fundament for tverrfagleg språkforsking», i Jo Kleiven (red.): Språk og samfunn. Bidrag til en norsk sosiolingvistikk (1972), digitalt tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.