Raude Armé Fraksjon, Rote Armee Fraktion, RAF, var ei vesttysk, venstreradikal terrorgruppe som vart danna i Vest-Berlin i 1970 med mål om å gjennomføre ein sosialistisk revolusjon i Vest-Tyskland.
RAF vart òg kalla Baader-Meinhof-gruppa etter to av grunnleggarane, Andreas Baader og Ulrike Meinhof.
RAF sin strategi var å føre dei politiske protestane frå studentopprøret sist på 1960-talet vidare med valdelege middel. RAF hadde få medlemmar, maks 80–90, i tillegg nokre tilknytta aktivistar utanfor gruppa. Fleirtalet var kvinner, også i leiarskapet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.