Faktaboks

Innbyggjartal
1 354 (2024)
Landareal
1,6 km²
Tettstadsnummer
3061 Prestestranda

Prestestranda ligg ved vatnet Øvre Tokke. I bakgrunnen ser ein Drangedals Emanuelkirke, ei tømra korskyrkje frå 1780.

Av /KF-arkiv ※.

Prestestranda er ein tettstad i Drangedal kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1308 innbyggjarar (2023).

Prestestranda er administrasjonssenter i Drangedal kommune, og ligg ved riksveg 38 (KragerøKviteseid) og Sørlandsbanen. Prestestranda har noko småindustri og handelsverksemd.

Drangedal stasjon på Sørlandsbanen ligg på Prestestranda. Drangedal kyrkje er bygd i tre og blei oppført i 1775, men er seinare ombygd fleire gonger. Drangedal Bygdetun er eit friluftsmuseum med 19 gamle bygningar. Dei fleste er gåver frå bygdefolket. Bygdetunet har òg eit nytt museumsbygg, Nystue, som stod ferdig i 2009. Nystue inneheld mellom anna ei skogbruksutstilling.

Kart

Prestestranda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg