Orrevatnet er eit vatn i Klepp kommune på Jæren i Rogaland. Det har eit areal på 8,1 kvadratkilometer og ligg 3,6 meter over havet.

Orrevatnet er skilt frå havet ved ein 10 kilometer lang, smal sandstripe, Revtangen. Viktigaste tilløp er Bryneåna frå Frøylandsvatnet. Det er avløp gjennom Orreelva i sørvest. Uttapping har redusert vatnet noko.

Orrevatnet er kjent for rikt fugleliv og mykje fisk, spesielt sik og ål. Orrevatnet er eit naturreservat.

Kart

Orrevatnet
Orrevatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg