Oliver er eit mannsnamn som kan vere laga på norsk grunn av dobbeltnamnet Ole Iver. Oliver kan også vere engelsk form av det franske Olivier med usikkert opphav. Det har rett nok vore foreslått at Oliver har opphav i det seinlatinske olivarius som tyder ‘oliventredyrkar’.
I Rolandskvadet er Oliver ein av dei som kjempar saman med Karl den store, men ettersom ingen av dei andre i kretsen rundt Karl den store hadde namn med latinsk bakgrunn, taler dette imot at det engelske Oliver går tilbake til seinlatin.
Namnet har fleire variantar: Oliver, Olliver.
Namnedag er 3. august. Oline og Olve har også namnedag denne dagen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.