Faktaboks

Olav T. Sandnes

Olav Terjeson Sandnes

Fødd
12. april 1972, Oslo
Portrett av Olav T. Sandnes 2014
Olav T. Sandnes er administrerande direktør i TV 2 frå 2015.
Av /TV 2.

Olav T. Sandnes er ein norsk siviløkonom og medieleiar. Sandnes er sjefredaktør og administrerande direktør i TV 2 AS og har vore administrerande direktør i Egmont Publishing.

Bakgrunn

Olav Terjeson Sandnes er fødd i Oslo. Han tok IB (International Baccalaureate) ved United World College of the Atlantic i Wales i 1991, bachelorgrad i økonomi ved Handelshøyskolen i København i 1995 og mastergrad i økonomi og leiing ved IESE Business School ved Universidad de Navarra i Spania i 1997.

Mediekarrieren

Olav T. Sandnes var tilsett i IT-selskapet Accenture i 1997–2005, i marknadsføringsbedrifta Eniro i 2005–2006, var finansdirektør i Funcom i 2006–2009 og finans- og strategidirektør i Hjemmet Mortensen i 2009–2011. Sandnes var administrerande direktør i Egmont Publishing frå 2011 og fram til han tok over som TV 2-sjef i 2015.

Sandnes har hatt mange styreverv. Han var medlem av styret i TV 2 fram til han blei direktør i 2015, og har vore styreleiar i Bladcentralen AS og Fagmedia AS, styremedlem i Mediebedriftenes Landsforbund og i Norsk Presseforbund. Han sit i konsernleiinga for Egmont, som er eigar av TV 2 frå 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg