Olav Hougen var lærar, avisredaktør, kulturpersonlegdom, politikar og bokhandlar i Steinkjer. Han skreiv ein minnetekst om bombinga av Steinkjer 21. april 1940, eit spelstykke for ungdomslag og lokalpatriotiske songar.
Olav Hougen
Faktaboks
- Fødd
- 2. oktober 1890, Trysil, Innlandet
- Død
- 7. september 1943, Steinkjer, Trøndelag
Bakgrunn
Olav Hougen var fødd i Trysil, og døydde i Steinkjer. Han var bror av læraren og forfattaren Ole Haugen-Flermoe og svoger av forfattaren Halvor Floden. Hougen gjekk på Elverum lærarskule og tok eksamen i 1913. Deretter var han lærar i folkeskulen i Gjøvik.
Redaktørarbeidet
I 1917 blei han tilsett som journalist i Venstre-avisa Porsgrunds Dagblad. Her var han til 1921, då han blei redaktør av dagbladet Norig i Skien. I 1926 drog han til Steinkjer for å bli redaktør i Venstre-avisa Inntrøndelagen.
Då byen blei bomba, brann avislokala ned, til liks med konkurrenten Nord-Trøndelag, som var ei avis for Landmandsforbundet. Redaktørane blei samde om eit samarbeid i ei tung tid, og avisene kom ut som Nord-Trøndelag og Inntrøndelagen i to år, til redaktørane blei avsette. Etter okkupasjonen heldt samarbeidet fram og blei varig, under namnet Trønder-Avisa frå 1952, med politiske standpunkt annankvar dag for Venstre og Bondepartiet (Senterpartiet). Hougen var ei kort tid fange i konsentrasjonsleiren Falstad ved Levanger.
Forfattarskapen
Den litterære produksjonen til Hougen er ikkje stor. Foreningen gamle Steinkjer utga ettar hans død boka Bombesøndagen i Steinkjer og krigen i Innherred i aprildagene 1940. Med tillegg om situasjonen i Steinkjer høsten 1940.
Nokre år tidlegare skreiv han stykket Egtemenn. Skjemtspel med songar, som blei utgitt på Norli i 1926. Saman med organisten Ludvig Moe Weigner skreiv han «Steinkjersangen» og «Nord-Trøndelagssongen». Han fekk pris frå Det norske Skogselskap for songen «Du skog som klær et værhardt land, gir ly og levekår».
Anna engasjement og arbeid
Hougen var ein markant Venstre-politikar i Steinkjer og i Nord-Trøndelag, Han var medlem av bystyret i to periodar og ordførar i 1937 til 1939. Han var òg medlem av skulestyret og leiar der i fire år. Han var dessutan ei drivande kraft for folkebiblioteket i byen.
Hougen grunnla Steinkjer Bokhandel i 1939.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.