Olav 4. Håkonsson var konge i Noreg i perioden 1380/1381–1387 og i Danmark i perioden 1376–1387 (som Oluf 2.). Han var son av Håkon 6. Magnusson og Margrete Valdemarsdotter.
Olav vart valt til konge i Danmark etter morfaren Valdemar Atterdag, og arva Noreg etter faren, som døydde i 1380. Med det vart det 434 år lange politiske fellesskapet mellom Noreg og Danmark innleia. Nokon avtale mellom dei to landa om innhaldet i kongefellesskapet er ikkje kjend. Olav vart hylla på Øyrating ved Nidaros 29. juli 1381, ti år gamal, og regjeringstida hans vart åpenbart rekna fra då. Margrete styrde medan Olav var mindreårig, og heldt i verkelegheita fram med det også etter at han vart myndig i 1385. Som myndig konge tok Olav i tillegg tittelen «sann arving til Sverige» med bakgrunn i det svenske kongedømet til faren Håkon 6. og farfaren Magnus 7.
Olav døydde brått på Falsterbo slott i Skåne 3. august 1387 og var gravlagd i Sorø. Det gjekk mange rykter om korleis han døydde, og 15 år etter vart det brent ein tyskar som ga seg ut for å vere han.
Med Olav Håkonsson døydde den norske kongeætta ut. I si korte levetid innordna Olav seg heilt under den mektige mor si.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.