Olav er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ó-lafr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘forfader’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’.
Olav (mannsnamn)
Personar med namnet Olav
Kulturell bruk
- Olav Åsteson i «Draumkvedet» (slutten av mellomalderen).
- «Olav og Kari», norsk folkevise.
Kjende personar med namnet Olav
Eit utval personar med namnet Olav, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Olav Tryggvason (968–1000)
- Olav den hellige (995–1030)
- Olav 3. Haraldsson Kyrre (1050–1093)
- Olav 4. Håkonsson (1370–1387)
- Olav Engelbrektsson (1480–1538)
- Olav Duun (1876–1939)
- Olav 5. (1903–1991)
- Olav H. Hauge (1908–1994)
- Olav Thon (1923)
- Johann Olav Koss (1968)
- Olav T. Sandnes (1972)
- Hans Olav Lahlum (1973)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Olaf var blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen, og grunnen til dette var nok at forma Olaf (brukt om Olav den heilage) stod i tidlege utgåver av Snorre. I perioden 1885–1899 låg Olaf som nummer 5 på ranglista. Forma Olav vart fyrst allment kjent gjennom Snorre-omsetjingar noko seinare (på slutten av 1800-talet). Når Olav likevel hadde eit oppsving frå 1865, kan det forklarast på bakgrunn av materialgrunnlaget for namnestatistikken frå folketeljingane: Den fyrste delen (1800–1864) kjem frå 1865-teljinga, den siste (1865–1899) frå 1900-teljinga. I år 1900 meinte nok mange, også dei som skreiv inn opplysningar i 1900-teljinga, at Olav – ikkje Olaf – var den korrekte forma (på grunnlag av nye Snorre-utgåver), og mange av dei som frå 1865 var oppførte med forma Olaf i kyrkjeboka, fekk dette endra til Olav i 1900-teljinga. Olav var på topp 1905–09, og grunnen til dette var at kronprins Olav fekk dette namnet i november 1905. Før han kom til Noreg, heitte han Alexander Edward Christian Frederik.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Olav var mest brukt i Telemark.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 1991: Namnet [Olav] og reformasjonen. [Nytt om namn 14].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.