Odin er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Óðinn. Namnet er truleg laga til adjektivet óðr som tyder ‘vill, rasande’.
Faktaboks
- Uttale
-
Oden
Odin er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Óðinn. Namnet er truleg laga til adjektivet óðr som tyder ‘vill, rasande’.
Oden
Eksempel på ein person med namnet Odin som er omtalt i Store norske leksikon:
I 2022 var det 3 677 menn i Noreg som hadde Odin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 165 gutar som fekk namnet Odin, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Odin høyrer til ei lita gruppe nordiske mannsnamn som har fått toppfasen sin etter år 2000. Dette gjeld også namn som Ask, Gard, Storm, Trym, Brage, Brede, Sigve, Vetle og Viljar. Her finst det altså ingen samansette nordiske namn, ein namnetype som var populær på 1900-talet, til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.
Odin var mest brukt i Trøndelag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.