Odd Einar Dørum er ein norsk sosionom og politikar, som var leiar av Venstre i åra 1982–1986 og 1992–1996. Han har vore statsråd i to regjeringar, og var stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag i 1977–1981 og frå Oslo i 1997–2009.
Odd Einar Dørum
Faktaboks
- Fødd
- 12. oktober 1943, Oslo
- Levetidskommentar
- Oppvaksen i Trondheim
- Verke
- Stortingsrepresentant og statsråd
- Familie
-
Foreldre: Diplomingeniør Odd Emil Werge Dørum (1908–84) og Edith Donner (1905–88).
Gift 1968 med rådgivar Randi Gerd Øverland (11.4.1946–), dotter av lege Wilhelm Øverland (1906–84) og Anna Bartnæs (1911–).
Bakgrunn
Odd Einar Dørum er fødd i Oslo og voks opp i Trondheim. Han tok realskule og examen artium ved Trondheim Katedralskole i 1957–1959 og 1962, historie mellomfag ved Norges Lærerhøgskole (no NTNU) i Trondheim i 1963–1965 og sosialhøgskulen i Trondheim (no NTNU) i 1967–1970. Han var stipendiat ved sosialhøgskulen og tok vidareutdanning som gav høgskulelektorkompetanse i 1972–1977. I 1975–1977 arbeidde han som høgskulelektor. Han var helse- og sosialfagleg konsulent og seksjonssjef ved Kirkens Bymisjon i 1986–1996.
Politisk karriere
Dørum var nestleiar i Norges Unge Venstre i 1964–1965 og leiar i 1970–1972, i tillegg til fleire verv i ungdomsorganisasjonen. Han var representant for Venstre i Trondheim bystyre i 1967–1971 og 1976–1979, leiar av Trondheim Venstre i 1974–1978 og representant i Oslo bystyre i 1995–1999, 2011–2015 og sidan 2023. Han var partileiar i to periodar, 1982–1986 og 1992–1996.
Dørum var stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag i 1977–1981 og frå Oslo i 1997–2009. I 1997–1999 og 1999–2000 var han samferdselsminister og deretter justisminister i Bondevik I-regjeringa, og han var justisminister i Bondevik II-regjeringa i 2001–2005. Dørum har mellom anna arbeidd med miljøspørsmål, førebygging av kriminalitet og mot norsk EF-medlemsskap. Han var ein svært sentral ungdomspolitikar i Folkebevegelsen mot EF i 1970–1972.
Utgjevingar
Dørum har gitt ut fleire bøker, mellom anna sjølvbiografiane Med liv og sjel. Memoarer (1999), saman med Randi Gerd Øverland, og Ombudsmann på jobb (2008) i samtale med Marit Meyer.
Andre verv og utmerkingar
Han har hatt ei lang rekkje offentlege verv og tillitsverv. Dørum var leiar av Norges Velforbund i 1986–1989, KIM (kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene) i 1990–1997, leiar av FRISAM og medlem av Oslo Bispedømeråd og Kyrkjemøtet i 1994–1997 og president i Én Verden frå 2010. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 2004.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.