Oda er eit gammalt tysk kvinnenamn. Det er kortform av kvinnenamn på Ot- som tyder ‘rikdom’.
Oda (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Oda
Eit utval personar med namnet Oda, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Oda Sesshu (1420–1506)
- Oda Krohg (1860–1935)
- Oda Helen Sletnes (1953)
Namnestatistikk
I 2022 var det 6 736 kvinner i Noreg som hadde Oda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Oda var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 119 jenter som fekk namnet Oda.
Utvikling i bruk av namnet
Oda høyrer til ei gruppe tostava namn på -a som hadde ein toppfase rundt år 2000, til dømes Ada, Alva, Dina, Frida, Hedda, Kaia, Lea, Maja, Mia, Nora, Ronja, Runa, Sanna, Stella, Thea og Ylva. Dette står i motsetning til dei tostava namna på -a med to toppfasar – både rundt 1900-talet og rundt 2000-talet – til dømes Emma, Laura, Selma, Ebba og Klara.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.