I 1902 grunnla presten Alfred Eriksen avisa Nordlys på Karlsøy i Troms. Eriksen var ordførar og hadde i lengre tid utfordra handelsmannsherredømmet i regionen. Nordlys blei ein plattform for ei rørsle med basis i fiskarbondesamfunna i Troms som samla seg om Arbeidarpartiet og laga eit politisk jordskjelv i 1903, med over 60 prosent oppslutning i landdistrikta, og alle dei tre stortingsmandata, med Eriksen i spissen. Stortingsvalet i 1903 blei både i samtida og seinare sett som eit tidsskille, ved at den organiserte arbeidarrørsla for fyrste gong blei representert i nasjonalforsamlinga.
Avisa var frå starten eit organ for Arbeidarpartiet, sjølv om det ikkje blei formalisert før i 1911. Etter at Eriksen kom på Stortinget, flytta avisa til Tromsø. Nordlys spelte ei viktig rolle for å utvikle ein felles identitet blant arbeidarane i ein by som no gjekk gjennom ei rask transformasjon frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn.
På 1910-talet etablerte avisa seg klart på arbeidarrørslas venstre fløy, særleg markert under redaktøren Peder Kaasmoli, som gjekk til NKP under partisplittinga i 1923. Etter eit kort mellomspel gjenerobra Arbeidarpartiet sine folk avisa og sette inn forretningsførar Ingvald Jaklin, som var redaktør frå 1924 til han døde i 1966, berre avbrutt av krigsåra 1940–1945.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.