Det blir dyrka ein del korn langs Lågen, men jordbruket satsar både her og i høgareliggande strøk særleg på husdyrhald og utnytting av gode fjellbeite. Det er ein del industri i dei to tettstadene, særleg knytt til lokale tradisjonar og naturgrunnlag, til dømes trevare- og møbelindustri og kunsthandverk. Skogavvirkinga var i femårsbolken 2018–2022 i gjennomsnitt på 26 000 kubikkmeter årleg; 60 prosent av dette var gran, resten furu.
Nord-Fron er kommunen med størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1836 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Nedre Vinstra (i drift fra 1953), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Øvre Vinstra (1959) og Hinøgla (2021). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Handelsnæringa er godt utbygd, særleg på Vinstra, og har noko av kundegrunnlaget sitt i ein stor turisttrafikk. Reiselivsbransjen har utvikla seg mykje sidan 1990-åra og utgjer ein viktig del av næringslivet i kommunen.
I fjelldalen Sikkilsdalen inn mot Jotunheimen er det årlege hestesleppet ei storhende. Hesteavlssetra i Sikkilsdalen er viktig i avlsarbeidet for norsk hest, særleg dølahest.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.