Norconsult ASA er eit norsk rådgivande ingeniørselskap og er eit av landets største på området. Selskapet tilbyr tverrfaglege tenester innan områda bygg/arkitektur, industri, samferdsel, fornybar energi, olje/gass, IKT med meir.
Norconsult
Faktaboks
- Offisielt namn
- NORCONSULT ASA
- Organisasjonstype
- Allmennaksjeselskap
- Forretningsadresse
- Sandvika
- Dagleg leiar
- Egil Olav Hogna
- Styreleiar
- Nils Morten Huseby
Historikk
Norconsult har røtene sine i selskapa Ingeniør A. B. Berdal (grunnlagt i 1929), Sivilingeniør Elliot Strømme (grunnlagt i 1939) og Interessentskapet Norconsultants (grunnlagt i 1954). Dei to første selskapa blei i 1989 samanslutta til Berdal Strømme AS. Norconsultants var eigd av større norske konsulentfirma som ein arena for dei internasjonale engasjementa deira og blei i 1964 omdanna til aksjeselskapet Norconsult.
Dette blei i 1987 overteke av Norwegian Petroleum Consultants (NPC) og fekk namnet Norconsult International. I 1992 blei Berdal Strømme majoritetseigar i Norconsult International, og Berdal Strømme AS skifta i 1998 namn til Norconsult AS. Selskapet vart notert på Oslo Børs 10. november 2023 og endra med det namn til Norconsult ASA.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 71.121 Byggeteknisk konsulentvirksomhet
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.