Faktaboks

Etymologi

Kommunen har namn etter Nomevatn.

Administrasjonssenter
Ulefoss
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
6 539 (2024)
Landareal
385 km²
Høgaste fjell
Knarren (749 moh.)
Innbyggjarnamn
lundhering, ulefossing, hollasokning
Målform
nøytral
Kommunenummer
4018 (frå 2024, tidl. 3816 og 0819)

Kommunevåpen

Nome

Nome. Frå Lunde sluse i Telemarkskanalen. Slusevaktarane opnar for «Henrik Ibsen». Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Nome er ein kommune i Telemark. Kommunen blei oppretta i 1964 ved samanslåing av tidlegare Lunde og Holla kommunar med unntak av Valebø sokn på andre sida av Norsjø. Nome ligg sentralt i Telemark, omgitt av kommunane Drangedal, Kviteseid, Midt-Telemark og Skien, og omfattar området vest for midtre del av Norsjø omkring Vest-Telemarkvassdragets nedre del.

Natur

Langs vassdraga er det marin leire og sand opp til cirka 150 meter over havet, for det meste oppdyrka. Elles dannar grunnfjellet eit småkupert åslandskap som stig til 600–700 meter over havet mot vest.

Fensfeltet søraust for Ulefoss har ein eigenarta geologi med mellom anna jernmalm og søvitt (etter garden Søve) som inneheld niob, som blir brukt i stållegeringar. I Søve Gruver blei det vunne ut niobkonsentrat i perioden 1953–1965. Det knyter seg stor interesse til forekomsten av sjeldne jordartar i Fensfeltet.

Sju prosent av kommunens areal er verna som naturreservat. Størst er Mørkvassjuvet naturreservat sør for Flåvatn.

Befolkning og busetjing

Ulefos Hovedgaard

Ulefos Hovedgaard er eit av dei viktigaste kulturminna i kommunen. Hovudbygningen blei oppført i 1802–1807 for verkseigar Niels Aall og er rekna som noko av det ypparste av klassisistisk arkitektur i Noreg.

Folketal

1951 7408
1952 7385
1953 7428
1954 7423
1955 7365
1956 7474
1957 7472
1958 7495
1959 7440
1960 7427
1961 7405
1962 7406
1963 7416
1964 7173
1965 7205
1966 7193
1967 7205
1968 7195
1969 7166
1970 7126
1971 7252
1972 7326
1973 7304
1974 7206
1975 7239
1976 7255
1977 7287
1978 7303
1979 7296
1980 7266
1981 7277
1982 7210
1983 7163
1984 7170
1985 7117
1986 7104
1987 7093
1988 7029
1989 6986
1990 6954
1991 6838
1992 6743
1993 6667
1994 6711
1995 6661
1996 6587
1997 6573
1998 6561
1999 6631
2000 6648
2001 6652
2002 6646
2003 6579
2004 6606
2005 6565
2006 6571
2007 6576
2008 6601
2009 6557
2010 6527
2011 6561
2012 6579
2013 6625
2014 6643
2015 6630
2016 6534
2017 6585
2018 6609
2019 6538
2020 6515
2021 6488
2022 6494
2023 6559
2024 6539
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Hovudtyngda i busetjinga følgjer vassdraget vestover frå Norsjø. Her ligg dei to tettstadene Ulefoss og Bjervamoen (Lunde). Folketalet var stabilt fram til omkring 1980, men har sidan vist nedgang. Etter 2010 har folketalet halde seg uendra. I tiårsbolken 2015–2024 gjekk folketalet attende med 1,4 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.

Tettstader

Lunde
Nome er ein av dei større landbrukskommunane i Telemark
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Nome. Tettstadene er til saman 3,9 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Ulefoss 2 299 35 % 2,3 km²
Bjervamoen 1 524 23 % 1,6 km²
Sum 3 823 58 % 3,9 km²

* Andelen av innbyggjarane i Nome kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Ulefos Jernværk

Ulefos Jernværk er ei av Nordens eldste industribedrifter og er framleis ei hjørnesteinsbedrift i kommunen.

Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Nome er ein stor jord- og skogbrukskommune. Berre Skien har større jordbruks- og kornareal av telemarkskommunane. Jordbruksarealet i Nome er cirka 27 000 dekar, omtrent likt fordelt på gras og korn. Skogavverkinga var gjennomsnittleg 36 000 m³ årleg i femårsperioden 2017–2021. Litt over halvparten var gran, resten furu.

Nome er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fem vasskraftverka i kommunen produserer til saman 438 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Vrangfoss (i drift fra 1962), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Hogga (1987) og Eidsfoss (1964). Norsjøkraft er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Statkraft Energi med om lag ein femtedel.

Skogen og vasskrafta la tidleg grunnlaget for industri på Ulefoss. Dei to største industribedriftene, Cappelen-Ulefos Jernværk og Aall Ulefos, har styrt mykje av utviklinga. Dei har utspring i gamle gods med tilhøyrande herregardar (Holla og Ulefos). Det blei brote jernmalm for Ulefos Jernværk i Fen-gruvene frå 1652 til 1926. Dette jernverket er Nordens største produsent av gategods. Ulefos Brug AS er ein av Noregs leiande produsentar av brannklassifiserte dører, portar, vindauge og veggparti. 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien (2021), mot 8 prosent i landet samla sett.

I 2023 hadde Nome ei netto utpendling på 830 personar, svarande til 27 prosent av arbeidsstyrken.

Samferdsel

Lunde
Sørlandsbanen har stopp på Lunde.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Riksveg 36 frå Porsgrunn/Skien går gjennom Ulefoss nordvestover til og Seljord. Frå Ulefoss tek fylkesveg 359 av til Lunde og Bø. Midt gjennom kommunen går Sørlandsbanen med stasjon i Lunde.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Nome videregående skole har avdeling i Lunde og på Søve (tidlegare Telemark landbruksskule).

Nome høyrer til Sør-aust politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i Nome og Midt-Telemark interkommunale politiske råd.

Nome kommune svarer til dei to sokna Holla/Helga og Lunde/Flåbygd i Øvre Telemark prosti i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nome til Nedre Telemarken fogderi (futedøme) i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Nome

Holla kyrkjeruin
Ved Holla gard sør for Ulefoss ligg ruinane av Holla gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå 1100-talet som frå slutten av 1600-talet til ho blei riven 1878, var eigd av Ulefos Jernværk.

For statistiske formål er Nome kommune (per 2021) delt inn i tre delområde med til saman 19 grunnkrinsar:

  • Lunde: Ulsnes – Røimål, Flåm, Kleppe, Svenseid, Funnemark, Lunde kyrkje, Stokken, Kjeldal, Hanto, Bjerva, Landsmarka
  • Ulefoss: Sandnes, Dagsrud, Heisholt, Holla gård, Ulefoss
  • Fen: Fen, Kolstad, Hjelset

Historikk og kultur

På Hollahaugen ligg ruinen av Holla gamle steinkyrkje frå før 1100. Nord for Ulefoss ligg Romnes kyrkje frå mellomalderen. Helga kyrkje sør for Ulefoss er frå 1735.

Det fyrste forsøket på norsk bilproduksjon gjekk føre seg i Lunde i åra 1956 og 1957. Ein av dei seks Trollbilane som vart ferdigstilt, står i dag på utstilling i Lunde.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) er venstre-skrådelt av sølv og blått ved trappesnitt. Motivet illustrerer kanaliseringa av Bandak–Norsjøvassdraget.

Kart

Kart over Nome kommune
Kart over Nome kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kart: Nome kommune i Telemark

Nome kommune i Telemark fylke.

Kart: Nome kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Opheim, Gunnar (1978). Flåbygd : ætter og folkeliv. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
  • Opheim, Gunnar (1986). Nokre ætter i Lunde. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
  • Sanden, Gunnar (2001). Nomeboka : ei skisse av Nome rundt årtusenskiftet. Isbn: 82-996108-1-8
  • Stranna, Olav (1921, 1925). Lunde herad med Flaabygd, 2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket: bind 1, bind 2
  • Ytterbøe, Simon (1975, 1957). Holla, 2 bind. Les hos Nasjonalbiblioteket: bind 1, bind 2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg