Maya er ein stavevariant av kvinnenamna Maia og Maja.

Namnet har fleire variantar: Maia, Maja, Maya.

Kjende personar med namnet Maya

Eit utval personar med namnet Maya, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 880 kvinner i Noreg som hadde Maya som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 65 jenter som fekk namnet Maya.

Utvikling i bruk av namnet

Både Maja og Maya har vore populære på 2000-talet, og dei kjem dermed på linje med andre tostava namn på -a som har vore vanlege på 2000-talet, til dømes Ada, Alva, Dina, Frida, Hedda, Kaia, Lea, Maja, Mia, Oda, Ronja, Runa, Sanna, Stella, Thea og Ylva. Oppsvinget byrja i 1975–1979 for Maja og i 1995–1999 for Maya. Forma Maja er lånt frå Sverige der namnet var mykje brukt tidleg på 1900-talet, og deretter fekk det eit nytt oppsving der 1965-1969. Litt seinare (1975–1979) fekk Maja eit løft i Noreg, og dette kan sjåast på som påverknad frå svensk. Stavevarianten Maya er derimot svært lite brukt i Sverige. I Noreg har Maja vore brukt omtrent fire gongar så mykje som varianten Maya sidan år 1900.

Utvikling i bruk av namnet Maya frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Maya frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon