Faktaboks

Martin McGuinness

irsk Máirtin Mag Aonghusa

Uttale
məgˈinis
Fødd
23. mai 1950, Derry, Nord-Irland
Død
21. mars 2017, Derry, Nord-Irland
Martin McGuinness, Ian Paisley, Alex Salmond
Dei to tidlegare motstandarane Martin McGuinness (til venstre) og Ian Paisley (i midten) saman med den skotske politikaren Alex Salmond i 2008. Den gongen var Salmond fyrsteminister for Skottland og leiar for Scottish National Party.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Adams og McGuinness
Det er vanleg å rekna med at både Martin McGuinness (til høgre med raudt slips) og Gerry Adams (til venstre med briller og skjegg), dei to mest profilerte Sinn Féin-politikarane mellom 1970-talet og 2010-talet, har vore stabssjefar i IRA. Båe har nekta for dette. Kvinna nedst til venstre er Mary Lou McDonald, som tok over som partileiar i Sinn Féin etter Adams i 2018. Foto frå 2016.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Gravferda til Martin McGuinness
Gravferda til Martin McGuinness i Derry 23. mars 2017. Kista dekt av den irske trikoloren, slik det ofte gjerast i gravferder for irske republikanarar. Blant dei som ber kista er partileiar Gerry Adams, leiaren for Sinn Féin i Nord-Irland, Michelle O'Neill (fremst til venstre) og Mary Lou McDonald, som tok over som partileiar etter Adams i 2018 (delvis skjult fremst til høgre).
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Martin McGuinness var ein irsk republikansk politikar for Sinn Féin og ein framståande leiar for Irish Republican Army (IRA) under the troubles. McGuinness var ein av dei sentrale strategane bak langfredagsavtala, og var utdanningsminister for Nord-Irland før han vart visefyrsteminister frå 2007 til 2017.

Bakgrunn

Martin McGuinness vaks opp i ein katolsk familie i Bogside i Derry, som kalla han opp med mellomnamna Eugenio Pacelli etter pave Pius XII. Han gjekk på katolsk grunnskule og yrkesfagleg vidaregåande skule i Derry til han var 15 år. Siste del av 1960-talet gav sterke konfrontasjonar mellom regjeringa, Royal Ulster Constabulary (RUC), Ulster Special Constabulary (USC) og borgarrettsdemonstrantar i Derry. Som ungdom deltok McGuinness i borgarrettsprotestane. Han var og til stades under masseskytinga då britiske fallskjermjegarar tok livet av 14 demonstrantarden blodige sundagen 30. januar 1972. Då var 21 år gamle Martin McGuinness alt i leiinga for IRA i Derry.

Roller i og for IRA og Sinn Féin

McGuinness var ukjend med kløyvinga i IRA i desember 1969, og vart fyrst med i Official IRA før han gjekk over til Provisional IRA. I 1973 var han blant dei som det britiske Royal Air Force (RAF) transporterte til England for å representera IRA i hemmelege samtaler med den konservative britiske ministeren for Nord-Irland, William Whitelaw. Same året vart han dømd til eit halvt års fengsel i Republikken Irland for funn av sprengstoff og 5000 skot i ein bil McGuinnes vart stogga i. McGuinness var leiar («Chief of Staff») i IRA army council, truleg i ein periode frå om lag 1978 til hausten 1992. Dette siste har McGuinness avvist offentleg.

Alt i 1982 vart McGuinness vald til Northern Ireland Assembly, men som andre frå Sinn Féin og SDLP på dette tidspunktet, tok han ikkje plassen sine. McGuinness var kandidat til det britiske parlamentet ved parlamentsvala i 1983, 1987 og 1992, men greidde ikkje å vinna mot SDLP-kandidaten John Hume i SDLP-bastionen Foyle (Derry med omland). I 1997 vart han derimot MP til London frå valkrinsen Mid-Ulster med 40,1 prosent av røystene. I tråd med politikken til partiet sitt, møtte ikkje McGuinness i det britiske parlamentet, men vart likevel vald med aukande fleirtal – med attvalet i 2010 som rekord med 52 prosent av røystene. I desember 2012 sa han frå seg posisjonen som parlamentsmedlem i Westminster, og oppgav sjølv at dette var for å leva opp til SF sine ynskje om at ingen både skulle vera MP i Westminsterparlamentet og MLA i Northern Ireland Assembly samstundes.

Langfredagsavtala og St. Andrewsavtala

Martin McGuinness var sjefsforhandlar for Sinn Féin og spela ei viktig rolle i fredsprosessen fram mot langfredagsavtala (1998) og St. Andrewsavtala (2006). Han hadde svært gode kontaktar i det irsk-amerikanske politikarmiljøet som pressa på for ei politisk fredsløysing. Som truande katolikk hadde han og gode kontaktar inn mot kyrkjelege leiarar som arbeidde tverrkyrkjeleg for fred. Som leiande republikanarar med høg status både i Sinn Féin og IRA hadde han både omdøme for å vera prinsippfast og evne til å få med seg det store fleirtalet i den republikanske rørsla på dei kompromissa som var uunngåelege.

Presidentkandidat

McGuinness vart og vald frå Mid Ulster til det nye Northern Ireland Assembly frå og med det fyrste valet etter langfredagsavtala 1998, og attvald ved fleire seinare val. I 2011 var Martin McGuinness kandidat til presidentvalet i Irland der han fekk 13,7 prosent oppslutnad og tredje flest røyster av dei sju kandidatane. Dette var få år etter at McGuinness hadde vore sentral i å få til avvæpning av IRA og få månader etter at Sinn Féin hadde teke steget frå å vera eit lite til å vera eit mellomstort parti i republikken med framgang til 9,9 prosent i 2011-valet til Dáil Éireann (parlamentet). McGuinness sitt presidentkandidatur bidrog til å sikta partiet inn mot endå høgare oppslutnad.

Utdanningsminister og visefyrsteminister

Frå desember 1999 til oktober 2002 var han utdanningsminister under fyrsteminister og visefyrsteminister frå Ulster Unionist Party og Social Democratic and Labour Party. I denne perioden fekk han avskaffa «Eleven plus exam» som skilde mellom dei som kunne velja teoretisk orientert vidare skulegang frå dei som kunne ta praktisk orientert vidare utdanning. Denne eksamenen hadde McGuinness sjølv ikkje greidd i barndomen.

Frå mai 2007 til januar 2017 var han visefyrsteminister for Nord-Irland, med Ian Paisley (DUP) Peter Robinson (DUP) og Arlene Foster (DUP) som fyrsteminister i kvar sine delperiodar. Det vart sett som sensasjonelt at den tidlegare IRA-offiseren McGuinness samarbeidde godt og utvikla nært venskap med den tidlegare uforsonlege protestantiske fundamentalisten i sin fellesperiode som visefyrsteminister og fyrsteminister frå mai 2007 til juni 2008.

I januar 2017 trekte Martin McGuinness seg som visefyrsteminister og klårgjorde at Sinn Féin ikkje ville nominera etterfylgjar. Fyrsteminister Arlene Foster måtte dermed også gå av. Bakgrunnen for dette var delvis påstått uakseptable politiske og økonomiske disposisjonar i ei fornybar oppvarmings-satsing, og delvis at McGuinness sjølve hadde alvorlege helseproblem. 6. mars 2017 vart McGuinness innlagt på Altnagelvin-sjukehuset i Derry og han døydde to veker seinare.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Collins, Jude (2018); Martin McGuinness: The man I knew. Mercier Press.
  • Johnston, Cathryn & Clarke, Liam (2003); Martin McGuinness: From Guns to Government. Mainstream Publishing.
  • Latimer, David (2018); A leap of faith. How Martin McGuinness and I worked together for Peace. Blackstaff Press.
  • McDonald, Henry (2018); Martin McGuinnes: A life remembered. Blackstaff Press

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg