Faktaboks

Martin Amis

Martin Louis Amis

Uttale
ˈeimis
Fødd
25. august 1949, Swansea, Storbritannia
Død
19. mai 2023, Lake Worth, Florida, USA
Martin Amis
Foto fra 2012
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Martin Amis var ein britisk forfattar og kritikar. Han er særleg kjend for sin samfunnskritikk og sosiale satire i romantriologien Money, London Fields og The Information. Martin Amis var son av forfattaren Kingsley Amis. Han blei to gongar nominert til Bookerprisen for romanane sine.

Bakgrunn

Amis var fødd i Oxford og studerte ved Exeter College ved University of Oxford. Han blei inspirert til å lese skjønnlitteratur av mor si, forfattaren Elisabeth Jane Howard.

Forfattarskap

Amis' debutroman The Rachel Papers vann Somerset Maugham-prisen i 1977. Dei tre mest kjende romanane hans blir gjerne refererte til som «London-trilogien», sjølv om dei har til dels svært forskjellige plott.

Money, som blei ein bestseljar då boka kom ut i 1984, er ein samfunnskritisk, satirisk roman om den sjølvsentrerte og usympatiske John Self, ein antihelt som reiser til USA for å lage film. I romanen kritiserer Amis kjenneteikn ved det moderne mediesamfunnet og den konsumorienterte vestlege kapitalismen.

London Fields (1989) er den av dei tre romanane med mest direkte tilknyting til London. Amis fører saman tre personar i London i 1999, det vil seie ti år etter at romanen kom ut, og på eit tidspunkt då klimakrisa er blitt forsterka. Dei tre hovudpersonane er alle karikerte, men like fullt delvis truverdige på ein slik måte at kritikken av dei også kan innebere ein kritikk av den britiske (eller norske) lesaren som har ein materiell levestandard som ikkje er berekraftig.

The Information (1995) framstiller venskapen, og etter kvart rivaliseringa, mellom Gwyn Barry og Richard Tull. Medan Barry er ein ambisiøs forfattar som køyrer seg fast og får sine bokmanus refusert, utgir Tull ein roman som blir ein enorm suksess – noko som får den misunnelege Barry til å spekulere på måtar å skade venen sin på. Begge gjennomgår dei ulike former for midtlivskrise, og tankar om døden innfilterer romanforteljinga.

Time's Arrow

Amis' kanskje viktigaste roman, Time's Arrow: or The Nature of the Offence (1991), utforskar psykologien til gjerningsmennene som var ansvarlege for massedrapa på europeiske jødar i tyske konsentrasjonsleirar under Holocaust. Romanen blir fortalt baklengs, og Amis fører hovudpersonen frå USA, der han etter eit langt liv ligg for døden, tilbake til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Det viser seg at han som lege samarbeidde med «dødsengelen» Josef Mengele, som for mange personifiserer vald og vonde handlingar i Nazi-Tyskland.

Lesaren blir tatt med på ei reise bakover i tid, og gjennom den retrospektive forteljehandlinga fokuserer Amis på psykologien, haldningane og verdiane til hovudpersonen Odilo Unverdorben (tysk for 'uforderva'). Sjølv om lesaren ikkje er medansvarleg i handlingane til Unverdorben, kjem Holocaust utfordrande nær gjennom lesinga. Slik stimulerer romanen til etisk refleksjon.

Seinare bøker

Seinare romanar av Amis inkluderer mellom anna Night Train (1997) og Yellow Dog (2003). I tillegg til essaysamlingane Visiting Mrs. Nabokov and Other Excursions (1993) og War Against Cliche (2001), gav han også ut novellesamlinga Heavy Water and Other Stories (1998) og sjølvbiografien Experience (2000). I 2023 kom På Innsiden, den første oversetjinga av Amis til norsk.

Påverknad og aktualitet

Amis er påverka av romanane til far sin, Kingsley Amis, ikkje minst når det gjeld treffande satire, svart humor og distansert ironi. Time's Arrow er etter hans eiga utsagn inspirert av Primo Levis Hvis dette er et menneske og Kurt Vonneguts Slaktehus-fem. Sjølv har Amis påverka og inspirert fleire i den britiske forfattargenerasjonen etter han, inkludert Ian McEwan, Salman Rushdie, Zadie Smith og Julian Barnes.

Den elegante kombinasjonen av vidd, ironi og satire gjer Amis' samfunnskritikk framleis aktuell; det same gjer eit etisk aspekt som blir særleg tydeleg i den litterære presentasjonen av klimaforandringane og den historiske hendinga Holocaust.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Vice, Sue (2000). Holocaust Fiction. London: Routledge. Kap. 1 om Time's Arrow.
  • Keulks, Gavin (2003). Father and Son: Kingsley Amis, Martin Amis, and the British Novel since 1950. Madison:University of Wisconsin Press.
  • Chatman, Seymour (2009). "Backwards". Narrative 17, 1 (2009): side 31-55.
  • Phelan, James (2012). "The Ethics and Aesthetics of Backward Narration in Martin Amis's Time's Arrow". I Jakob Lothe, Susan Rubin Suleiman og James Phelan (red.), After Testimony: The Ethics and Aesthetics of Holocaust Narrative for the Future. Columbus: Ohio State University Press.
  • Finney, Brian (2013). Martin Amis. London: Routledge.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg