Faktaboks

Innbyggjartal
1141 (SSB, 2023)
Landareal
1,1 km²
Tettstadsnummer
5232 Manger

Manger er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1141 innbyggjarar (2023).

Manger var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Radøy.

Tettstaden ligg ved Mangersvågen/Mangerspollen som skjer seg inn frå Mangersfjorden på sørvestsida av Radøya. I tettstaden er det mykje industri, mellom anna næringsmiddelindustri (Stabburet Marine Produkter, del av Orkla), trevareindustri (Natre Vinduer AS) og tekstilindustri (AS Fiskenett). Her ligg òg Manger kyrkje, som er ein langkyrkje i tre frå 1891.

Kart

Manger
Manger
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg