Losna ligg nord for munningen av Sognefjorden. Øya har eit areal på 15,3 kvadratkilometer med fire innbyggjarar (2001). Høgaste punkt er Meinova på 453 meter over havet. Kystfartsleia går gjennom Krakhellesundet på vestsida av øya, medan det er jordbruksstrøk heilt i søraust.
Losna
Historikk
Losna gard er ein tidlegare adeleg setegard på øya, som er nemnt første gong i 1370. Garden tilhøyrde opphavleg Losnaætten; og ved arv kom han til slektene Fleming, Rosenkrantz, Rantzau og Thott.
I 1658 vart Losna selt til slekta Lillienskiold og tilhøyrde seinare slektene von Hatten og von Ahnen. Frå 1710 til cirka 1750 tilhøyrde ho slekta Knagenhielm. Hovudgarden er sidan fullstendig forsvunnen.
Namn
Namnet kjem av norrønt Losno, ikkje sikkert forklart.
Kart

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.