Leirdalen
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Leirdalen er ein dal i Lom kommune, Innlandet, sidedal til Bøverdalen. Dalen går i om lag 30 kilometers lengde mot sørvest, seinare mot sør, inn i Jotunheimen til Leirvatnet. Elva Leira renn gjennom dalen og ut i Bøvre. Elva har tilløp frå brear på begge sider av dalen, og har fått namnet sitt etter breslammet som smeltevatnet fører med seg.

Sognefjellsvegen (fylkesveg 55) går på ein strekning på ca. 10 km i nedre delen av Leirdalen, her ligg mellom anna Elveseter hotell. Der dalen svingar mot sør går bilveg til Leirvassbu turisthytte øvst i dalen. Øvre delen av Leirdalen er omkransa av tindar og brear – Smørstabbrean på vestsida og Bukkehøe med Illåbrean på austsida.

I samband med utvidinga av Tyin kraftverk i Årdal på 1950-talet vart det bygd ein anleggsveg frå Leirvassbu opp Gravdalen til Gravdalsdammen.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Leirdalen
Leirdalen
Av /Statens kartverk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg