Laura er eit kvinnenamn som kan vere italiensk kortform av latin Laurentia som tyder ‘kvinne frå byen Laurentum’ (Italia). Laura kan også førast tilbake til latin laurus som tyder ‘ laurbærtre’.
Laura (kvinnenamn)
Personar med namnet Laura
Kulturell bruk
- Den italienske diktaren Francesco Petrarca skreiv kjærleikssongar til si Laura (1300-talet).
Kjende personar med namnet Laura
Eit utval personar med namnet Laura, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Maddalena Laura Sirmen (1745–1818)
- Laura Dewey Bridgman (1829–1889)
- Laura Gundersen (1832–1898)
- Laura Fitinghoff (1848–1908)
- Laura Anna Sophie Kieler (1849–1932)
- Laura Goodman Salverson (1890–1970)
- Laura Bache (1891–1967)
- Laura Ashley (1925–1985)
- Laura Biagiotti (1943–2017)
- Laura Nyro (1947–1997)
- Laura Lindstedt (1976)
- Laura Dahlmeier (1993)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 228 kvinner i Noreg som hadde Laura som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 49 jenter som fekk namnet Laura.
Utvikling i bruk av namnet
Laura høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000, til dømes Anna, Emma, Selma, Ebba og Klara. Laura var på topp 1875–79 og fekk deretter eit nytt oppsving i 1990-åra. Mellom desse to fasane med namn på -a var tostava namn på -e meir populære, til dømes Grete, Bente, Tove og Silje.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.