Lars Knutson Liestøl var ein norsk statsråd og bonde frå Setesdal. Han var ein av initiativtakarane til jamstillingsvedtaket i 1885.
Lars Knutson Liestøl
Faktaboks
- Fødd
- 13. juni 1839, Åseral, Nedenes Amt (no Agder)
- Død
- 15. desember 1912, Kristiansand
- Verke
- Politikar og lensmann
- Familie
-
Foreldre: Lensmann og politikar Knut Larsson Liestøl (1809–90) og Gyro Grundesdotter Austegarden (1816–91).
Gift 10.8.1869 med guvernante Laura Vilhelmine Josefine Sabro (25.4.1845–11.9.1943), dotter til kontrollør Thomas Agerup Sabro (1815–76) og Hanna Wiveke Hansen (1814–53). Farbror til Knut Liestøl (1881–1952).

Bakgrunn
Lars Knutson Liestøl var fødd i Åseral i Nedenes Amt (no Agder) og døydde i Kristiansand. Av utdanning var han sjølvlært og hadde berre omgangsskule mellom fem og 14 dagar per år. Liestøl blei kontorist hos futen i Evje og Hornnes i 1856, utskiftingsassistent i Nedenes amt og i 1866 blei han lensmann. Dei første åra som lensmann var Liestøl òg poståpnar i Bygland.
Politisk karriere
Liestøl var venstremann og medlem av Bygland heradsstyre i 36 år. I 1889–1902 var han ordførar i Bygland kommune i Setesdal.
Han blei vald til Stortinget til ti perioder. Ein periode var den gongen 3 år. Han var varamann på Stortinget for faren Knut Liestøl i 1870 og fast stortingsrepresentant i periodane 1874–1888, 1898–1903 og 1907–1912 (vald inn året før periodane tok til). Han blei igjen vald inn for perioden 1913–1915, men døydde i 1912 før han fekk tatt fatt på den tiande perioden sin.
I den første perioden (1875–1876) var han medlem av Protokollkomiteen. Resten av periodane var han i Justiskomiteen, der han var sekretær. Då Stortinget vedtok konsesjonslova i 1909, var Liestøl med i justiskomiteen. Han var òg medlem av vassdragskommisjonen frå 1909. Han var odelstingspresident frå 1900–1903 og frå 1906 til han døydde.
I ein kort periode mellom 1888–1889 var Liestøl statsråd i regjeringa til Johan Sverdrup. Han var først i Revisjonsdepartementet, deretter i Indredepartementet og så ei tid ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Regjeringa var utsett for sterk kritikk, mellom anna frå ulike fraksjonar i eit splitta venstreparti, og Liestøl fekk sin del av kritikken. Ein grunn til at han gjekk med i regjeringa, var ønsket om å få til ei samling av Venstre. Men han såg etter kvart at Sverdrup måtte få støtte av Høgre for å få fleirtal i visse saker, noko han ikkje ønskte å vere med på. Liestøl søkte og fekk avskil. Han kjøpte seg ikkje statsrådsuniform, så han hadde ikkje tenkt å bli statsråd lenge.
Liestøl var folkeopplysningsmann og republikanar. Han kjempa for Setesdalsbana, ein god skule for alle, at husmennene skulle sleppe arbeidsplikta hos bøndene og for dei dårlegast stilte i samfunnet. I 1889 blei han riddar av St. Olavs Orden.
Landsmålet
Liestøl blei målmann i midten av 1860-åra og var ein av dei store pionerane for målsaka. I fleire stortingsdebattar frå slutten av 1870-åra tok han til orde for å betre situasjonen for dei som arbeidde for å få landsmål meir brukt i skrift og tale, ikkje minst i skolen. Som stortingsrepresentant var han ein av initiativtakarane til jamstillingsvedtaket i 1885, der dansk-norsk og landsmål, seinare bokmål og nynorsk, blei likestilte. Året etter kom det første stortingsdokumentet på landsmål, underskrive av Anton Qvam og Lars Knutson Liestøl.
Liestøl arbeidde òg med den nye skulelova som kom i 1889. Denne lova gav dei lokale skulestyra løyve til å avgjere kva målform dei ville bruke i undervisninga. Lova vart likevel ei utløysande årsak til at Liestøl forlét posten sin som statsråd, fordi han var usamd med ei mindre endring som vart gjort i den.
Bygland blei ein av dei to første kommunane i landet som innførte landsmål som administrasjonsspråk og opplæringsmål i skulen. Det skjedde i 1890, året etter Liestøl vart ordførar i kommunen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Løvland, Jørgen: «Lars Knutson Liestøl», i SogSnr. 1/1913
- Lindstøl, 1914.
- Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bind 8, 1938.
- Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland, Bygland 1952.
- Sabro, Axel: Sabroe slægter, 1967.
- Frøysnes, Åsulv: Stortingsmann og statsråd Lars Liestøl, h.oppg. 1970.
- Liestøl, Tarjei og Eiken, Torleif: Åseral, 2 bind, Kristiansand 1976–87.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.