Lars Andreas Larssen var ein folkekjær norsk skodespelar og humorist. Som skodespelar var han allsidig, og meistra det meste frå burleske farsar til seriøse klassikarar. Han hadde ei karakteristisk røyst og var ein framifrå opplesar.
Lars Andreas Larssen
Faktaboks
- Fødd
- 27. mars 1935, Melbu i Hadsel
- Død
- 24. januar 2014, Oslo
- Verke
- Skuespiller og entertainer
- Familie
-
Foreldre: Forretningsdrivende Lars Andreas Larssen og Hallfrid Eriksen.
Gift 1) med forfatter Sonja Lid (2.4.1933–), ekteskapet oppløst; 2) med journalist Trine Neumann, ekteskapet oppløst; 3) samboer med skuespiller Monna Tandberg (1939–2025).
To barn fra første ekteskap: Vetle Lid Larssen (1960–) og Gaute Lid Larssen (1965–).

Bakgrunn
Larssen voks opp i Melbu. Han var elev ved Statens Teaterskole frå 1954 til 1959. I 1958 debuterte han som skodespelar på Folketeatret som Tom i Cherrys hage av Robert Bolt. Han var tilsett ved Rogaland Teater i åra 1959–1962 og ved Nationaltheatret i åra 1968–1995. Frå 1995 arbeidde han som frilansar.
Teaterarbeid


Ved Rogaland Teater spela Larssen mellom anna rolla som Håkon i Henrik Ibsens Kongsemnerne og i tittelrolla i Læraren av Arne Garborg.
Ved Nationaltheatret medverka han i til saman over 60 oppsetjingar. Frå starten 1969 deltok han i teaterets oppsøkjande verksemd, og reiste fram til 1972 rundt med stykka Eit spel om pugg, Svartkatten, Pendlerne og Jenteloven. Han var aktivt med i omorganiseringa av Nationaltheatret og sat i styret i to periodar. Han gjorde fleire Ibsen-roller, mellom anna Gregers Werle i Vildanden (1986), Dr. Wangel i Fruen fra havet (1990) og prosten i Brand (1990). Han hadde fleire roller i stykke av William Shakespeare.
I 1977 var Lars Andreas Larssen med på å skipe Teatret på Torshov, Nationaltheatrets bydelsscene, som dei første åra var organisert etter eit allmannaprinsipp. Her spela han mellom anna i Dario Fo sitt stykke Vi betaler ikke! Vi betaler ikke! (1978) og kunne då utfalde det store komiske talentet sitt, medan han i tittelrolla i Kong Ubu av Alfred Jarry henta fram ei meir grotesk side.
Mellom hans mest kjende roller på Nationaltheatret er òg Stanley i Richard II og Gremio i Troll kan temmes av William Shakespeare, Balder i Loke av Peder Cappelen, Kirilov i De besatte av Fjodor Dostojevskij (1975), dr. Wangel i Fruen fra havet av Henrik Ibsen og baron Zeta i Den glade enke (1987). I Lars Noréns Bobby Fisher bor i Pasadena gjorde han seg notert i rolla som den forknytte og resignerte bedriftsleiaren Carl.
Den siste rolla hans på Nationaltheatret var Baronen i Jeppe paa Bjerget av Ludvig Holberg, som han òg gjesta med på Grønnegårds Teater i København i 1996. I 1992 gjekk han frå Baronen i Jeppe på Nationaltheatret til Vielgelschrei i musikalversjonen av Den Stundeslause på Det Norske Teatret, der han òg tidlegare hadde gjort inntrykk som nattklubbsongarinne i Medea i regi av Yannis Houvardas (1982) og i Stephen Sondheim-kabareten Send inn ein klovn (1984).
Frilanstilvere
Etter 26 år ved Nationaltheatret slutta Larssen i 1995, og han etablerte seg sidan som ein solid og mykje brukt frilansar som tok opp tema innanfor kulturliv, samfunnsliv og næringsliv. I Alle kan bli best!, ei framsyning spesielt retta mot næringslivet, brukte han sine eigne livserfaringar i ei personleg og tankevekkjande framsyning. Saman med felespelaren Susanne Lundeng reiste han Noreg rundt med Erotiske folkeeventyr, og han gjorde suksess med den eigenproduserte framsyninga om Knut Hamsun, På gjengrodde stier.
I 1999 laga han saman med Monna Tandberg og regissør Edith Roger framsyninga Det er sant! Hvert evig ord, om Henrik Ibsen. Den tok mellom anna opp Ibsens forhold til kona Suzannah, og her var eigne tekstar fletta saman med utdrag av Ibsens kjende verkar på ein svært utradisjonell og spenstig måte. Framsyninga vart produsert i samarbeid med Nationaltheatret og hadde premiere under Ibsenfestivalen i 1999. Den vart sidan vist mange stader i Noreg, og er dessutan omsett til engelsk og oppført mellom anna i Israel, Sri Lanka og Danmark.
Film
Larssen debuterte som filmskodespelar i Arne Skouens film Ni liv (1957), og han medverka òg i Herren og tenarane hans (1959). Sidan 1970 hadde han biroller i ei lang rekkje norske filmar. I fire år var han knytt til Fjernsynsteatret, der han mellom anna medverka i 12 eidsvorne menn av Reginald Rose, spelte Antonius Adamsen i Siste tog til påfuglland av Helge Hagerup og H.C. Andersen i Fra Regnormenes liv av Per Olov Enquist.
Samfunnsengasjement
Lars Andreas Larssen var sterkt samfunnsengasjert. Saman med den første kona si, Sonja Lid, skipa han det første Fredskontoret i Stavanger. Han var medlem av styret i Norsk Kvinnesaksforening og var oppteken av korleis samfunnet tok seg av dei eldre. Han vitja ofte heimstaden sin og var ein av drivkreftene bak den årlege festivalen «Sommer-Melbu». I mange år spelte han knappestøyparen i oppsetninga av Ibsens Peer Gynt på utescena ved Gålåvatnet i Jotunheimen.
Larssen fekk diagnosen Alzheimer. Sjukdomen blei merkbar i 2003, då han fekk så store problem med å hugse teksten til ei framsyning han hadde gjort mange gonger tidlegare, at han måtte trekkje seg. Etter det gav han opp scenelivet.
Sonen, Vetle Lid Larssen, har skrive bok om tilhøvet til faren, Hvordan elske en far – og overleve (2015).
Prisar
Larssen fekk Nordland fylkes kulturpris i 1989, Norprofil-prisen i 1991, Draugenprisen i 1993 og Petter Dass-prisen i 1999.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- biografi i Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon, 1991
- Hoemsnes, Tone: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 5, 2002
- Ringdal, Nils Johan: Nationaltheatrets historie 1899–1999, 2000
- Rønneberg, Anton: Nationaltheatret 1949–1974, 1979
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.