Langanesbyggð er ein kommune på Nordaust-Island. Kommunen omfattar halvøya Langanes og landet innafor Þistilfjörður og Bakkafloi. Kommunesentrum er tettstaden Þórshöfn inst på Langanes. Lenger sør på kysten ligg den mindre busetnaden Bakkafjörður. Þórshöfn har flyplass.
På Fontur ytst på Langanes blei det bygd eit fyrtårn i 1910, og på Gunnólfsvíkurfjall (719 moh.) finst ein amerikansk radarstasjon for overvaking av fly og ubåtar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.