Faktaboks

Laki

Lakagígar, norsk: Lakikraterne

Laki
Rekke med vulkankrater ved Laki.
Laki
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Laki er ei vulkanrekkeIsland, vest for Vatnajökull, i kommunen Skaftárhreppur. Laki omfattar ca. 100 vulkankjegler som ligg langs ei 25 kilometer lang rett line nordaust–sørvest. Laki er innlemma i Vatnajökull nasjonalpark.

I 1783 førte eit utbrot i Laki til den største naturkatastrofen i Islands historie. Utbrotet varte i åtte månader og gjekk føre seg langs heile kraterrekka. Lavastraumen Eldgjá ned langs dalføret til elva Skaftá dekte 565 kvadratkilometer og utsletta store bygder. I alt 15 kubikkilometer basaltlava blei spydd ut. Oskenedfall over store delar av Island, fluor- og svovelgassar førte til misvekst og råka husdyr, fisk i elvene og ved sørkysten. Under hungersnauden vinteren 1783–1784 døydde nesten en firedel av befolkninga på Island. Om lag 10 000 menneske og tre firedelar av husdyra strauk med.

Utbrotet danna ein svovelhaldig dis som vinden spreidde til resten av Europa, men berre i liten grad mot Noreg. I Storbritannia og Frankrike blei det rapportert om tusenvis av døde på grunn av luftvegsplager og forgifting. Skip blei liggande til kai på grunn av dårleg sikt og Nord-Amerika fekk ein av de kaldaste vintrane nokosinne.

Les meir i Store norske leksikon

Plassering
Av .
Lisens: Gnu FDL

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg