Foto frå Lårdal, tatt av Axel Lindahl i 1880-åra.
/Nasjonalbiblioteket.

Lårdal er ei bygd i Tokke kommune i Telemark, på nordsida av Bandak. Den eigentlege Lårdalen fører frå Laugevatn i nord til Lårdal bygdesentrum ved Bandak. Lårdal har vegsamband med Dalen over Eidsborg (riksveg 45) og med nedre Telemark over Høydalsmo og E134, og blir anløpt i sommarsesongen av båtane i Bandak–Norsjøkanalen. Lårdal har eit gunstig lokalklima i dei bratte liene.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt Lagardalr, første ledd lǫgr, ‘vatn’.

Lårdal er ein tidlegare kommune, som i 1964 vart slått saman med Mo til Tokke kommune. Lårdal utgjer òg eit sokn som stort sett består av den eigentlege Lårdalen.

Kart

Lårdal
Lårdal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur