Faktaboks

Også kjend som

Kvitingsøy

Administrasjonssenter
Ydstebøhamn
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
544 (2024)
Landareal
6 km²
Høgaste fjell
Eime (28 moh.)
Innbyggjarnamn
kvitsøybu
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Kvitsøy kommune i Rogaland
Kvitsøy kommune i Rogaland fylke.
Kart: Kvitsøy kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Kvitsøy er ein kommune i Rogaland, i det opne havgapet ved innløpet til Boknafjorden. Han ligg mellom sørspissen av Karmøy i nordvest og Tungenes fyr, på nordspissen av Jæren, i søraust. Kvitsøy er Noregs minste kommune etter areal (6,3 km²), og den åttande minste etter folketal (SSB 2022, 523 innbyggjarar).

Kvitsøy består av 167 øyar, holmar og større skjer. Det bur folk på seks av desse: Kvitsøy (2,3 km²), Langøy (0,3 km²), Krossøy, 0,3 km², Hellesøy, Krågøy og Grønningen.

Kvitsøy vart oppretta som eigen kommune i 1922, då han vart utskild frå Mosterøy. Sidan har grensene til kommunen vore uendra.

Natur

Kvitsøy
Kvitsøy kommune omfattar 167 øyar, holmar og skjer.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY 4.0

Øyane er oppbygde av grønstein og amfibolitt, som er omvandla vulkanske bergartar i den kaledonske foldekjeda (sjå artikkelen om den kaledonske orogenese). Dei dannar eit lågt, småknausa skjergardslandskap, med høgaste punkt 24 meter over havet, på Kvitsøy og Hellesøy, og 28 meter over havet, på den ubebudde øya Eime, nordaust i kommunen. Dermed er Kvitsøys høgaste punk det laveste i norske kommuner.

Klima

Den kaldaste månaden er februar, med normal på 2,8 °C, og den varmaste månaden er august, med normal på 15,5 °C. Det er mest nedbør i oktober, med normal på 165,7 millimeter, og minst i mai, med normal på 66,3 millimeter. Målingane blir gjennomførte ved Nordbø målestasjon.

Busetjing

Kvitsøy

Kvitsøy. Ein del av hamnepartiet i Ydstebøhamn. I bakgrunnen holmane som omkransar Kvitsøy. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kvitsøy kyrkje

Folketal

tidspunkt
1951 676
1952 673
1953 669
1954 672
1955 675
1956 678
1957 668
1958 672
1959 667
1960 670
1961 672
1962 672
1963 682
1964 683
1965 683
1966 664
1967 661
1968 649
1969 658
1970 635
1971 605
1972 593
1973 573
1974 555
1975 536
1976 529
1977 531
1978 544
1979 548
1980 555
1981 544
1982 554
1983 539
1984 540
1985 531
1986 518
1987 506
1988 488
1989 499
1990 492
1991 480
1992 482
1993 482
1994 490
1995 515
1996 532
1997 518
1998 523
1999 510
2000 523
2001 529
2002 520
2003 519
2004 508
2005 511
2006 521
2007 527
2008 538
2009 542
2010 527
2011 528
2012 519
2013 528
2014 531
2015 534
2016 524
2017 534
2018 542
2019 516
2020 517
2021 507
2022 523
2023 535
2024 544
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Brorparten av innbyggjarane bur på hovudøya Kvitsøy, dei fleste i kommunesenteret Ydstebøhamn.

Fram til rundt 1990 gjekk folketalet i kommunen stort sett tilbake, men i tiårsperioden 2007–2017 har det vore ein liten vekst, med gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg vekst, mot 1,6 prosent for Rogaland fylke.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Ydstebøhamn med 386 innbyggjarar (2023). 71 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,4 km².

Kart over Kvitsøy kommune
Kart over Kvitsøy kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Næringslivet i kommunen blir dominert av næringane bygg- og anleggsverksemd og transport og lagring, med høvesvis 32 og 26 prosent av arbeidsplassane på staden (2016). I sistnemnde næring merkar ein særleg sjøtransporten og Kvitsøy kysttrafikksentral, som dekkjer området frå Jærens rev i Rogaland i sør til Bømlahuk i Vestland i nord.

Primærnæringane utgjer sju prosent av arbeidsplassane i kommunen. Nesten all dyrkbar jord i kommunen er teken i bruk, og sjølv om berre dei største øyane er busette, utgjer det dyrka arealet til kommunen 14 prosent av totalarealet (2016). Jordbruket har hovudvekt på husdyrhald, særleg storfe og sau; berre ein heilt minimal del av jordbruksarealet er åker og hage.

Fiske har tradisjonelt vore viktig i Kvitsøy. Det blir fiska mest skaldyr og makrell. Tidlegare dominerte fangst av hummar, no dominerer reke og krabbe. Det meste av fangsten blir ført i land utanfor kommunen. Det blir òg drive oppdrett av hummar, kamskjel og laks.

Industrien er beskjeden med seks prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016). Viktigast er trelast-/trevare- og verkstadsindustri, med høvesvis 2/3 og 1/3 av arbeidsplassane i denne næringa.

Av dei busette yrkesaktive i Kvitsøy arbeider 47 prosent utanfor kommunen (2016), hovudsakleg i Stavanger (27 prosent) og elles på Jæren (11 prosent).

Samferdsel

Kvitsøy har bilferjesamband til Mekjarvik, nord for Stavanger. Det er bruer mellom alle dei bebudde øyane. Kvitsøy kysttrafikksentral overvaker mellom anna skipstrafikken langs norskekysten og tankfarten til og frå gassterminalen på Kårstø. Sentralen driv òg losformidling. Kvitsøy fyr på sørvestsida av Kvitsøy er eitt av dei eldste i landet. Kvitsøy kringkastar, med kort- og mellombølgjesendar, vart riven i 2012.

Det er planlagt ferjefritt vegsamband til Haugesund og Stavanger, ved ei undersjøisk avgreining frå E39 under Boknafjorden (sjå Rogaland, avsnittet om samferdsel).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kvitsøy høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kvitsøy er del av Ryfylke næringsregion, saman med Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal.

Kvitsøy kommune tilsvarar soknet Kvitsøy i Tungenes prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Fram til slutten av 1800-talet høyrde Kvitsøy til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Kvitsøy

For statistiske formål er Kvitsøy kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman sju grunnkrinsar: Sandøy/Byssholmen, Leiasundet, Langøy/Naustvold, Nordbø, Haaland, Ydstebø og Buøy.

Historikk og kultur

Kvitsøy
Steinkrossen på Kvitsøy vart truleg reist av engelske misjonærar på slutten av 900-talet.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er eit fredingsområde for sjøfugl mellom øyane Higlane og Eime (øy- og sjøområde); dette ligg sør og aust for dei busette øyane i kommunen.

Ein 3,95 meter høg steinkross er reist på Krossøy, ved Leiasundet, antakeleg av engelske misjonærar før år 1000. Krossen vart produsert i Hyllestad. Dette har sidan vore brukt som seglingsmerke. Steinkrossen er Noregs høgaste av sitt slag.

I 1208 inngjekk baglarane og birkebeinarane ein fredsavtale på Kvitsøy. Forliket, som vart sett mellom baglarkongen Filippus Simonsson og birkebeinarkongen Inge Bårdsson, vart kalla Kvitsøyforliket.

Kvitsøy kyrkje er ei trekyrkje bygd rundt 1600. Det finst også ruinar av ei steinkyrkje, St. Clements kyrkje, frå 1100-talet. På Grønningen, ei øy med den sørvestlegaste delen av tettstaden Ydstebøhamn, ligg Kvitsøy hummermuseum, ei avdeling av Ryfylkemuseet.

Kvitsøy fyr, som ligg like vest for kommunesenteret, er freda.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har tre fyrlykter i sylv, plassert to over éi, mot ein blå bakgrunn. Sjøen er den viktigaste ferdselsåra i kommunen og eit av dei eldste fyra i landet finst i kommunen.

Namnet kjem av norrønt Hvítingseyjar og vart brukt om heile øygruppa i norrøn tid. Ei av dei største øyane er Krossøy. Den vart tidlegare kalla Hvítingsøy i eintal, etter førekomstar av kvite kvartsgangar i berget. I nyare tid er øygruppa også kalt Kvitsøyane, men kommunen heter Kvitsøy. Øygruppa har og hatt eit eldre namn, Aumar, «den/dei vernande, hjelpande øya(e)».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg