Kvinnherad er ein kommune i Sunnhordland, Vestland fylke, som omfattar båe sider av den midtre delen av Hardangerfjorden og fleire større øyer i denne.
Kommunen kan delast inn i tre hovudområde. Størstedelen av den ligg på austsida av Hardangerfjorden, på vestre delen av Folgefonnhalvøya, mellom Åkrafjorden i sør og Maurangerfjorden i nord. Vidare høyrer ytre del av Samnangerhalvøya som ligg på vestsida av Hardangerfjorden, mellom Lukksundet i sør og Sagholmen i nord, til kommunen. Endeleg høyrer øyane i Hardangerfjorden mellom Varaldsøy i nord og Borgundøy i sør til Kvinnherad. Dei største av desse er: Varaldsøy (45,4 kvadratkilometer), Halsnøya (38,0 kvadratkilometer), Borgundøya (11,1 kvadratkilometer), Snilstveitøy (6,6 kvadratkilometer) og Fjelbergøya (4,6 kvadratkilometer).
Kvinnherad kommune blei oppretta i 1837, då det lokale sjølvstyret blei innført. Med unntak av ei mindre grenseendring mot Tysnes i 1907 hadde Kvinnherad uendra grenser fram til 1964. Då blei øya Varaldsøy av tidlegare Varaldsøy kommune innlemma i kommunen, likeså heile dåverande Fjelberg kommune og fastlandet på nordsida av Skånevikfjorden/ytste del av Åkrafjorden frå dåverande Skånevik kommune.
Kvinnherad fekk dei noverande grensene sine i 2013, då området Gausvik–Årsand–Hessvik på nordsida av munningen av Maurangerfjorden blei overført til Jondal, no Ullensvang kommune.
Kvinnherad grensar etter dette til Bjørnafjorden og Kvam kommunar i nordvest, Ullensvang i nord og aust og Etne i søraust. I sør går grensa mot Etne og Vindafjord, sistnemnde i Rogaland fylke, i Bjoafjorden/Skånevikfjorden. I vest går grensa mot Stord og Tysnes i Halsnøyfjorden/Husnesfjorden (Hardangerfjorden).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.