Kornelius er eit mannsnamn som eigentleg er eit romersk slektsnamn. Det er avleidd av det latinske ordet cornu som tyder ‘horn’.
Kornelius (mannsnamn)
Personar med namnet Kornelius
Kulturell bruk
- Ol-Kanelesa i Johan Falkbergets «Den fjerde nattevakt» (1923). Her er Kanelesa dialektform av Kornelius.
Kjende personar med namnet Kornelius
Eit utval personar med namnet Kornelius, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kristian Brandt (1831–1905)
- Kornelius Bergsvik (1889–1975)
Namnestatistikk
I 2022 var det 374 menn i Noreg som hadde Kornelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 gutar som fekk namnet Kornelius.
Av dei som heitte Kornelius i perioden 1900–2017, var det 80 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Kornelius. Dette inneber at 20 prosent hadde Kornelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Kornelius frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Kornelius var mest brukt i Rogaland og Sogn og Fjordane.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Kornelius på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kornelius var mest brukt i Rogaland og Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Cornelius.)
Historisk bruk av namnet Kornelius
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.