Faktaboks

Knud Leem
Fødd
12. januar 1697, Haram, Møre og Romsdal
Død
25. februar 1774, Trondheim, Sør-Trøndelag
Verke
Prest og språkforsker
Familie

Foreldre: Pastor Niels Knudssøn Leem (1665–1737) og Anne Danielsdatter Bugge (ca. 1676–ca. 1710).

Gift 26.6.1733 i Borgund (Ålesund) med Sophia Alettha Ruberg (1712–17.3.1804), datter av sogneprest Christian Fredrik Ruberg (1675–1721) og Else Raphaelsdatter Lund (død 1728).

Tegning fra Knud Leem (1767). Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse
Samisk sjaman med runebomme (meavrresgárri). Illustrasjonene er stukket i kobber av O.H. von Lode i Firenze, ut fra tegninger laget av Knud Leem.
Tegning fra Knud Leem (1767). Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse
Av .

Knud Leem var ein norsk prest og språkmann.

Leem tok teologisk eksamen i 1715, studerte eit par år samisk i Trondheim, blei i 1725 misjonær i Porsanger, i 1728 sokneprest i Alta–Talvik, i 1734 sokneprest i Avaldsnes og i 1752 titulær professor og styrer av det gjenoppretta Seminarium lapponicum i Trondheim.

Leem skreiv dei første og lenge dei einaste avhandlingane om dei norske samanes språk: ein grammatikk (1748), ein dansk-samisk ordbok (1756) og det omfangsrike Lexicon lapponicum bipartitum (2 bind, 1768–1781). Den store Beskrivelse over Finmarkens lappar (1767) er eit viktig etnografisk kjeldeskrift.

Svært verdifulle er òg samlingane hans av norske dialektord, gitt ut i 1923 av Kjeldeskriftfondet som Professor Knud Leems norske maalsamlingar fraa 1740-aari.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hagland, Jan Ragnar & Steinar Supphellen, rei.: Knud Leem og det samiske, 2003

Faktaboks

Knud Leem
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000007244347

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg