Faktaboks

Administrasjonssenter
Kleppe
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
20 900 (2024)
Landareal
102 km²
Høgaste fjell
Tinghaug (102 moh.)
Innbyggjarnamn
kleppsbu
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Klepp kommune i Rogaland
Klepp kommune i Rogaland fylke.
Kart: Klepp kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Klepp

Klepp. Steinkrossen på Krosshaug.

Av /NTB Scanpix ※.

Klepp er ein kommune i Rogaland fylke, ved kysten på den midtre delen av Jæren. Kommunen strekkjer seg austover til Frøylandsvatnet og ligg såleis på Låg-Jæren med høgaste punkt 102 meter over havet (Tinghaug mellom Bryne og Kleppe). Klepp grensar til kommunane i sør, Time i aust, og Sandnes og Sola i nord.

Klepp er ein av to kommunar i Rogaland med uendra grenser sidan det lokale sjølvstyret blei innført i 1837. Den andre kommunen er Time.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til dei kaledonske dekka (sjå kaledonske orogenese), særleg glimmergneis. Noko fyllitt og granitt finst heilt i nordaust. Viktigare for dagens landskap er det at berggrunnen praktisk talt er heilt dekt av til dels svært mektige lausmassar av glasialt opphav (sjå Jæren). Langs kysten er sanddyner lagde opp av brenningar og vind, og særleg sør for Orrevatnet er sand delvis blåse innover land. For å hindra vidare sandflukt er det planta marehalm og buskfuru på dynene. Lenger nord er jorda grovare, og nord for Orrevatnet er ho danna av morenemateriale frå ein daudismasse. Heilt i nordaust, mellom Figgjoelva og Frøylandsvatnet, er det mest utvaska jord som vart lagd opp av breelvar på slutten av siste istid.

Den beste jorda i Klepp finst i dei sentrale stroka mellom Orrevatnet og Frøylandsvatnet, eit bakka og leirhaldig morenelandskap med stadvis fast berg i dagen.

Fleire våtmarksområde i kommunen er verna, mest kjent er Orrevatnet (8,1 kvadratkilometer) som saman med Horpestadvatnet er verna etter naturlova. Også store delar av Figgjovassdraget er verna etter den same lova. Heile kyststrekninga i Klepp er verna som landskapsvernområde (sjå Jærstrendene landskapsvernområde).

Klima

Boresanden.
Boresanden.

Den kaldaste månaden er februar med normal på 1,7 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 175,6 millimeter, og minst er det i mai med normal på 68,0 millimeter. Målingane er gjorde ved Særheim målestasjon.

Busetjing

Folketal

1951 4973
1952 5048
1953 5062
1954 5178
1955 5240
1956 5335
1957 5411
1958 5453
1959 5569
1960 5724
1961 5980
1962 6124
1963 6313
1964 6489
1965 6677
1966 7015
1967 7342
1968 7687
1969 8038
1970 8547
1971 8878
1972 9120
1973 9376
1974 9545
1975 9796
1976 10136
1977 10275
1978 10326
1979 10551
1980 10591
1981 10758
1982 10907
1983 11057
1984 11174
1985 11289
1986 11358
1987 11565
1988 11688
1989 11796
1990 11788
1991 11871
1992 11953
1993 12202
1994 12381
1995 12605
1996 12757
1997 12950
1998 13240
1999 13548
2000 13789
2001 13884
2002 14009
2003 14135
2004 14313
2005 14536
2006 14832
2007 15271
2008 15839
2009 16350
2010 16918
2011 17397
2012 17746
2013 18227
2014 18485
2015 18741
2016 18970
2017 19042
2018 19217
2019 19354
2020 19588
2021 19848
2022 20163
2023 20615
2024 20900
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Usamansette gardsnamn som Sele, Bore, Reve, Orre og Tu vitnar om gamal busetjing. Dei eldste gardane ligg på morenehaugar i terrenget, ofte i tette klyngjer.

Det er jamn busetjing i alle delar av Klepp. Folketalet i Klepp har vist klar vekst i heile etterkrigstida. I 2017 var folketalet fire gonger så høgt som ved slutten av krigen. I tiårsperioden 2007–2017 utgjorde veksten gjennomsnittleg 2,2 prosent årleg mot 1,6 prosent i fylket samla sett.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det fire tettstader i Klepp. Tettstadene er til saman 7,8 km², og omfattar 8 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Kleppe/Verdalen 9 859 47 % 3,3 km²
Kvernaland ¹ 4 323 21 % 2,8 km²
Bryne ² 2 020 10 % 1,2 km²
Pollestad 794 4 % 0,5 km²
Sum 16 996 81 % 7,8 km²

* Andelen av innbyggjarane i Klepp kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Kvernaland omfattar delar av tre kommunar (Klepp, Time, Sandnes). Den delen av tettstaden Kvernaland som ligg i Klepp kommune omfattar 55 % av folketalet og 61 % av arealet i tettstaden.

² Tettstaden Bryne omfattar delar av kommunane Time og Klepp. Den delen av tettstaden Bryne som ligg i Klepp kommune omfattar 15 % av folketalet og 21 % av arealet i tettstaden.

Kart over Klepp kommune
Kart over Klepp kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Klepp er blant dei største jordbrukskommunane i landet, og 65 prosent av arealet i kommunen er dyrka jord. Jordbruket er kjennemerkt ved ei intensiv og variert driftsform som gjev eit godt økonomisk utbyte. Klepp har det største kornarealet i Rogaland, men det utgjer likevel berre tolv prosent av den dyrka jorda (2016). Til saman blir berre 20 prosent av jordbruksarealet nytta til åker og hage, resten er eng til slått og beite, noko som speglar kor sentralt husdyrhaldet er for jordbruket i kommunen.

Også når det gjeld arealet til poteter og grønsakerfriland, er Klepp den viktigaste kommunen i fylket. I alt noko over sju prosent av den dyrka jorda i kommunen blir nytta til desse vekstane. Klepp er elles den tredje største veksthuskommunen i landet etter areal under plast/glas.

Klepp har fleire institusjonar knytt til jordbruket, forskingsstasjon for plantekultur, kontrollstasjon for svin og avlsoksar med meir på Særheim ved Frøylandsvatnet, og Rogaland stamsædgard vest for Kleppe. I alt noko over sju prosent av arbeidsplassane i Klepp er i primærnæringane (2016).

Industrien, som omfattar 26 prosent av arbeidsplassane i Klepp, 39 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016), er i vesentleg grad knytt til jordbruket. I denne samanhengen speler verkstadindustrien ei sentral rolle med 65 prosent av sysselsetjinga i industrien (2015). Denne består særleg av maskin- og metallvareindustri og er i stor grad knytt til produksjon og vedlikehald av landbruksreiskapar. Den største bedrifta i bransjen er Kverneland ASA på Øksnavad, som er ein av dei fremste produsentane i verda av landbruksreiskapar. Også næringsmiddelindustrien står sterkt i kommunen med 22 prosent av industrisysselsetjinga (2015), mellom anna fleire meieri og potetindustri. Elles har kommunen noko verksemd i bransjen gummi-, plast- og mineralsk industri med sju prosent av industrisysselsetjinga (2015).

Industrien er hovudsakleg konsentrert til tettstadene Kleppe/Verdalen, Klepp stasjon og Kvernaland med industriområdet Øksnavad lengst nord i kommunen.

Kommunen har eit viktig handelssenter på Kleppe. Som handelssenter for innbyggjarane i Klepp må også Bryne nemnast, sjølv om det ligg like over grensa til Time.

Klepp har ei stor utpendling. I 2016 hadde i alt 63 prosent av dei busette arbeidstakarane i kommunen arbeid utanfor kommunen. Av desse arbeidde i alt 41 prosent i kommunane på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), 17 prosent på resten av Jæren (Hå, Time og Gjesdal) og éin prosent i resten av Rogaland.

Samferdsel

Feistein fyrstasjon.
Feistein fyrstasjon.

Sørlandsbanen går gjennom kommunen på vestsida av Frøylandsvatnet. Banen har stor lokaltrafikk på strekninga til Stavanger og Sandnes i nord og Egersund i sør.

Noko vest for jernbanen går fylkesveg 44, hovudvegen over Jæren. På Kleppe tek fylkesveg 510 av frå denne nordvestover til Sola og Stavanger. Ytre veg over Jæren (fylkesveg 507) fører frå fylkesveg 510 ved Bore kyrkje sørover på vestsida av Orrevatnet, det vil seie over Jærens rev.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

På Kleppe ligg Jæren Folkehøgskule, og på Øksnevad videregående skole med landbruks- og naturbrukslinje.

Med utgangspunkt i landbruket er det oppretta fleire forskings- og forsøksstasjonar i kommunen, mellom anna Planteforsk Særheim forskingsstasjon og Felleskjøpet forsøks- og stamsædgard, GENO.

Klepp høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Jærrådet saman med Gjesdal, , Sandnes og Time.

Klepp kommune svarer til dei fire sokna Bore, Frøyland/Orstad, Klepp og Orre i Jæren prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Klepp til Jæderen og Dalene fogderi (futedøme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Klepp

For statistiske føremål er Klepp kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 39 grunnkrinsar:

  • Bore: Reve, Bore, Verdalen vest, Verdalen aust, Hole, Vasshus, Stangeland, Sele, Rindå, Feistein
  • Klepp: Meland, Grude, Hattaland, Kleppe, Fjogstad, Kleppevarden, Haugabakka, Friestad, Nese, Horpestad, Gjeishaug
  • Orre: Orre, Åse, Pollestad, Øgård, Salte, Erga, Rosland
  • Tu: Tjøtta, Braut, Hauge, Tu
  • Engelvoll: Anda, Engelsvoll, Øksnevad, Orstad, Orstadbakken, Håbakken, Øksnevadmyra

Historikk og kultur

Bore kyrkje
Bore kyrkje

Få stader i landet er det gjort så mange funn frå forhistorisk tid som i Klepp. Her er gjort mellom anna bortimot 1000 steinalderfunn og elles mange bronsealderfunn, og kanskje framfor alt funn av gravhaugar og gardsanlegg frå jernalderen. Mange runeinnskrifter stammar frå Klepp. Den gamle kyrkja i Orre, ved elva frå Orrevatnet, er frå 1250, påbygd i 1864.

Jæren Folkehøgskule ligg på Kleppe; her ligg også Klepp Bygdemuseum. På Revtangen finst ornitologisk stasjon (Stavanger Museum). Feistein fyr frå 1859, eit par kilometer utanfor kysten ved Sele lengst nord i kommunen, er verna, og bygningane blir brukte til utleige om sommaren.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1972) har ein svevande utskrådd gullkross mot ein blå bakgrunn. Dette viser til ein stor steinkross i kommunen.

Namnet kjem av norrønt Kleppr, ‘klump', truleg opphavleg brukt om høgda Kleppvarden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Brunes, Erling: Klepp 1900–1960, 1964
  • Brunes, Erling: Klepp gards- og ættesoga gjenom 400 år: 1519–1900, 1963
  • Lindanger, Birger: Klepp, 1987–90, to bind
  • Særheim, Inge, red.: Kleppkyrkja 1846–1996, 1996, isbn 82-994011-0-0
  • Særheim, Inge: Stadnamn i Klepp, 1980, isbn 82-7220-041-4
  • Særheim, Odd med fleire, red.: Foto frå Klepp gjennom 150 år, 1995, isbn 82-993668-0-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg