Faktaboks

Kherson

ukrainsk Херсон

Kherson er ein by på høgre breidd av elva Dnipro sør i Ukraina og administrasjonssentrum i fylket (oblast) med same namn. Byen ligg ved elvemunninga ut i Svartehavet, med 279 131 innbyggjarar (1.1.2022, før den russiske invasjonen av Ukraina i 2022). Kherson er ein viktig hamneby, med både ei sjøhamn og ei elvehamn og fleire skipsverft.

Byen vart grunnlagd i 1778, etter ordre frå Katarina den store, av den russiske offiseren og politikaren Grigorij A. Potemkin som ei viktig festing og skipsverft for svartehavsflåten. Russland hadde annektert området frå Krim-khanatet nokre år tidlegare, i 1774. Israels andre statsminister (1953–1955), Moshe Sharett, vart født i Kherson.

Kherson er kalt opp etter den 2500 gamle greske kolonien KhersonesosKrimhalvøya (Khersonmellomadergresk). Ruinane etter den gamle greske byen ligg i det som i dag er Sevastopol.

Kherson var under russisk okkupasjon mellom 2. mars og 9. november 2022.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg