Faktaboks

Katrín Jakobsdóttir
Fødd
1. februar 1976, Reykjavík, Island
Katrín Jakobsdóttir.
Av /norden.org.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Katrín Jakobsdóttir er ein islandsk politikar frå partiet Vinstrihreyfingin – grænt framboð (Grønn-Venstrealliansen eller Venstrerørsla – Dei grøne) og statsministerIsland frå 2017 til 2024.

Bakgrunn

Katrín Jakobsdóttir er fødd i Reykjavík og er utdanna filolog ved Islands universitet (Háskóla Íslands) i 2004 med faga islandsk, litteratur og fransk. Ho tok ein bachelorgrad i islandsk og fransk i 1996–1999 og deretter mastergrad i islandsk litteratur ved Háskóli Íslands i 2004 med ei oppgåve om krimforfattaren Arnaldur Indriðason.

Politisk karriere

Katrín Jakobsdóttir har vore representant på Alltinget for partiet Venstrerørsla – Dei grøne sidan 2007. Partiet er mest likt det norske Sosialistisk Venstreparti (SV). Ho var parlamentarisk leiar i 2007–2009 og utdannings-, forskings- og kulturminister i Jóhanna Sigurðardóttir si regjering i 2009–2013. Ho blei leiar av partiet i 2013, og etter valet i 2017 blei ho som ein av dei mest populære politikarane i landet den andre kvinnelege statsministeren i Islands historie.

Venstrerørsla, det nest største partiet i Alltinget, danna saman med Sjølvstendepartiet og Framstegspartiet ei brei koalisjonsregjering med Katrín Jakobsdóttir som statsminister, den sjette regjeringa på ti år. Island blei hardt råka av finanskrisa i 2008. Det førte til rekordstor arbeidsløyse, men landet har hatt stor økonomisk vekst dei siste åra, mellom anna på grunn av ein stor auke i turismen.

Folk på Island venta endringar i den politiske kulturen, og etter fleire tidlegare politiske skandalar ville Katrín Jakobsdóttir arbeide for å vinne tilbake befolkninga på Island si tillit til styresmaktene. Dette ville ho gjere gjennom mellom anna å auke dei offentlege utgiftene.

Katrín Jakobsdóttir er feminist og miljøforkjempar, oppteken av likestilling og vil arbeide for å oppnå lik løn for likt arbeid. Ho vil utnytte ressursane til Island meir fornuftig og berekraftig og gjere landet karbonnøytralt innan 2040. Katrín Jakobsdóttir var kritisk til president Donald Trump i USA og er imot islandsk medlemskap i EU og NATO.

Katrín Jakobsdóttir trekte seg som statsminister i 2024 og stilte til val som ny president, men tapte valet for Halla Tómasdóttir.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg