John Paulsen var ein norsk forfattar. Han er i ettertida mest hugsa for erindringane og brevvekslingane sine med kjende personar. Fleire av dikta hans, slik som Når fjordene blåner, er tonesette av kjende komponistar.
John Paulsen (forfattar)
Faktaboks
- Fødd
- 15. februar 1851, Bergen
- Død
- 24. mars 1924, København
- Verke
- Forfattar
- Familie
-
Foreldre: Styrmann Ole Stadt Paulsen (1817–1900) og Gurine Andersen (1820–1916).
Ugift.

Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunn
Paulsen voks opp i Bergen og var elev ved Bergens Borgerskole. Her fekk han tidleg interesse for kunst og litteratur, særleg takka vere læraren, skulestyraren Herman Laading, og seinare omgang med Georg Fasting og vennskap med Christopher Holfeldt-Houen, prest ved den katolske kyrkja i Bergen.
Av økonomiske grunnar måtte Paulsen etter skulen straks ut i arbeidslivet, og han jobba i fem år på det portugisiske og brasilianske konsulatkontoret. På fritida lærte han seg fransk og tysk.
Forfattarskap
Paulsen sysla tidleg med litteratur. Han fekk trykt dikt og forteljingar i Bergens Tidende, seinare i Bergensposten, og desse blei i 1874 samla i boka Fra stille Stunder. Året etter kom forteljingane Af Bylivet, og i 1876 gav han ut både romanen Sjødronningen og diktsamlinga Mol og Dur. Deretter gjekk det slag i slag med nye utgjevingar nesten kvart år.
Paulsens første bøker fekk god omtale, og mange venta store ting av han. Men i staden for å halde seg til ein prosa i moderne realistisk form, glei han over i det sentimentalt romantiske. Mange av bøkene er erindringar og forteljingar med bakgrunn i reelle hendingar og besøk hjå kjende personar, som Paulsen var svært ivrig etter å treffe for seinare å skrive om dei. Det byrja med besøk hjå Ole Bull på Lysøen i 1875.
Våren etter følgde han med Edvard Grieg til København, traff Henrik Ibsen i München og reiste vidare rundt i Europa og blei kjend med forfattarane Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland, Jonas Lie, Arne Garborg, Amalie Skram, Camilla Collett, Ernst Sars, Georg Brandes, Paul Heyse, Victor Rydberg og mange fleire. På grunn av samværet med desse har erindringsbøkene hans ein viss kulturhistorisk verdi, men dei blir hevda å vere noko unøyaktige.
Av Paulsens andre bøker kan nemnast Moderne Damer, om dei emansiperte kvinnene i Kristiania, og Familien Pehrsen, inspirert av møtet med Ibsen. Fleire av bøkene hans er omsette til andre språk, særleg tysk. Paulsen skreiv også skodespel og dikt, der mange er tonesette av komponistar som Edvard Grieg og Johan Svendsen. Mest kjend er Når fjordene blåner, med musikk av Alfred Paulsen.
Ettermæle
Ved sin død etterlet Paulsen ei stor samling brev frå samtidas store personar. Eit utval av desse vart utgjevne av Edvard Beyer i Edda i 1927–1930.
Utgjevingar
- Fra stille Stunder. Smaa-Fortællinger, Bergen 1874
- Af Bylivet. Fortællinger, 1875 (2. utg. 1890)
- Mol og Dur. Digte, 1876
- Sjødronningen. Fortælling, København 1876 (2. utg. Århus 1893, 3. utg. (saman med tre noveller) København 1906, 4. utg. Kristiania 1921)
- Dorothea. Fortælling, København 1877
- Frauenherzen. Schauspiel in vier Aufzügen, Berlin 1880 (oppr. Olsen, utrykt, som En Ungdomssynd oppført i Stockholm og Göteborg 1880, også utg. som Falkenström & Söhne, Leipzig 1885)
- Margherita. Fortælling, København 1880
- Pasquarella, Berlin 1880
- Langt fra Norge. Fortællinger og Skitser, København 1881
- Norsk Provinsliv, København 1881
- Paa Vandring. Skitser, København 1882
- Familien Pehrsen, København 1882
- Moderne Damer (Kristiania-Billeder), København 1883 (ny utg. Kristiania 1915)
- En Digters Hustru, København 1884
- Stedbørn. Fortællinger, København 1886
- En Fremtidskvinde?, København 1887
- Fru Cecilia, København 1888
- Lillemor. Fortællinger, København 1889
- Julehistorier, København 1890
- Brose fra Bergen udenlands, København 1891
- Jødinden, 1892
- Haidée. En kunstnerhistorie, 1893
- Nye Melodier. Digte, København 1894
- Kunstnernaturer. To fortællinger, København 1895
- I September. Digte, 1897
- Mine Erindringer, København 1900
- Enkens Søn. Fortælling, København 1901
- Nye Erindringer, København 1901
- Den lille fru Thea. Fortælling, København 1902
- Erindringer. Siste Samling, København 1903
- Bergenske Originaler, København 1904
- Samliv med Ibsen. Nye Erindringer og Skitser, København 1906 (tysk utg. Berlin 1907)
- Min første sommer i København og andre erindringer, København 1908
- Samliv med Ibsen. Anden Samling, København 1908
- Reisen til Monaco og andre erindringer, 1909
- Billeder fra Bergen. Barndoms- og ungdomsminder, 1911
- Siste sange, 1916
- Aftnerne i Arbinsgade (med fru Ibsen), etterlatne erindringar, i Edda 1943
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Norsk Forfatterleksikon, bd. 4, 1896
- «Brever til John Paulsen» utg. ved H. Beyer, i Edda 1927 s. 486–496, 1928 s. 101–119, 141–152 og 445–448, 1929 s. 216–224
- H. Beyer: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 10, 1949
- NLH/Bull, bd. 5, 1961
- Ø. Eckhoff: «Mer om John Paulsen», i Fritt Fram, oktober 1988
- J. O. Gatland: Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur, 1990, s. 65–68
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.