Faktaboks

Johann Roppen
Fødd
29. juni 1967, Bergen
Johann Roppen
Johann Roppen
Av /Høgskulen i Volda.

Johann Roppen er tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda og professor i journalistikk. Han har forska på medieindustri og har vist korleis endringar i eigarrolla påverkar journalistikken.

Bakgrunn

Johann Roppen er oppvaksen på Flø i Ulstein kommune. Han var tilknytt Vikebladet som journalist frå 1984 til 1987 og arbeidde heiltid frå 1985/1986.

Han studerte journalistikk ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule (seinare Høgskulen i Volda) frå 1986 til 1991. Hovudfaget i massekommunikasjon og mediekunnskap (no medievitskap) tok han ved Universitetet i Bergen i 1992, og i 1997 byrja han arbeidet med ei doktorgradsavhandling same staden.

Han var vidare rådgivar for Eigarskapstilsynet for media frå 1998 til 1999.

Medieforskar

Han disputerte til doktorgraden i 2003, med avhandlinga «Orklas lange revolusjon. Konsern, redaktørar og journalistikk i Orkla Medias norske aviser 1985–2000», som handlar om eigarskap og mediekonsern, mediepolitikk og journalistikk.

I 2004 gav Roppen ut boka Medieindustrien, som drøftar eigarkonsentrasjon i medieindustrien ut frå både økonomiske og politiske perspektiv.

Mellom 2002 og 2011 var han førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda, og frå 2011 professor same staden. Mellom 2002 og 2005 var Roppen òg dagleg leiar i Møreforsking AS.

Universitetsleiar

I 2015 var han ein kort periode kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, før han i august tok til som rektor. Han var rektor ved Høgskulen i Volda frå 2015-2023.

Utval

Roppen har òg vore medlem i fleire offentlege utval: utgreiing av mediestøtta i både Noreg (2010) og Danmark (2011), og finansiering av NRK (2015–2016).

Verv

  • Leiar i Sunnmøre Mållag (1990–1991)
  • Styremedlem i Møreforsking (2004–05)
  • Styremedlem i Tinde design & trykk AS (2005–2008)
  • Leiar i Volda TI Fotball (2010–2012)
  • Leiar i Volda Idrettsråd (2013–2016)
  • Frå 2013 til 2015 var han FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda.

Les meir i Store norske leksikon